Samferdsle | 30. juli 2023

Lyshorntunnelen stengt i éin retning

– Det ligg ein gjenstand i vegbanen.

Lyshorntunnelen stengt i éin retning
Det er retning Halhjem som søndag etter lunsj blei stengt. (Arkivfoto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. juli 2023 12:43

E39 Halhjemsvegen er stengt i Lyshorntunnelen, melder Vegtrafikksentralen på X, det nye namnet på Twitter, klokka 12.39.

Det er retning frå Bergen mot Os og Halhjem som blei stengt.

Årsaka er at det ligg ein gjenstand i vegbanen. Det er dermed venta at vegen ikkje blir stengt særleg lenge.

Vegtrafikksentralen og Vest politidistrikt har tidlegare i dag varsla om trafikkulykke i Bjørnafjorden kommune.

Ulykka skjedde nær Leitet i Eikelandsfjorden, og det var fare for at fylkesveg 48 Hålandsdalsvegen blei stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.