Sport | 05. mai 2014

Lyssand går opp ein divisjon

Avtroppa trenar for handballdamene til Os, Erlend Lyssand, har fått ny trenarjobb.

Lyssand går opp ein divisjon
Erlend Lyssand blir hovudtrenar for 1. divisjonslaget til Fana. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. mai 2014 20:05

Erlend Lyssand hadde vore assistenttrenar for Os i tre år då han overtok som hovudtrenar. Etter tre år som leiar for 2. divisjonslaget meldte han i januar frå om at han ville gje seg etter endt sesong.

– Kontinuitet er bra, men både spelarane og eg har godt av eit byte, seier Erlend.

Medan Jespen Svensson no er fulltidstilsett og blir hovudtrenar for både herre- og damelaget i Os Turn Handball, går Lyssand no til Fana i 1. divisjon.

– Eit godt team

– Fana var veldig konkret og har sett saman eit team eg veit eg kan jobba godt med, seier Erlend.

Hovudtrenaren får med seg Sissel Nygaard Pedersen og Aina Eide (keepertrenar).

I Fana blir han trenar for tre tidlegare Os-spelarar, Elisa Christensen, Kristine Haaland og Eva Kristiansen.

Tredje sesong i 1. divisjon

Styreleiar i handballgruppa i Fana idrettslag, Bjarte Madsen, er nøgd med den nye trenartrioen.

– Eg trur dei kjem til å utfylla kvarandre bra og eg er veldig glad for at vi fekk Lyssand med oss. Han er ein ung og talentfull trenar som eg trur framleis har mykje ugjort på handballbanen, seier Madsen.

Lyssand overtar etter Bjørn Risti, som leia Fana til opprykk for tre år sidan og trente laget i fire år før han no gav seg.

– Vi hadde ein god start på sesongen som nettopp er over, men mista to spelarar rundt årsskiftet og fekk tre andre ut med langtidsskade.

– Heldigvis berga vi plassen og no ser vi fram til oppkjøring til vår tredje sesong på nest høgaste nivå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.