Næringsliv | 15. okt. 2011

Lyssand og Skogedal er Extra klare

To lokale kjøpmenn skal styra nye Coop Extra. Låge prisar, stort utval, fersk fisk og søndagshandel er blant satsingsområda.

Lyssand og Skogedal er Extra klare
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. okt. 2011 06:39

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Torsdag 27. oktober skal butikken opna, 2617 kvadratmeter i tilbygg på AMFI Os, med salsflate på 1557 kvadratmeter og med sjef og nestsjef frå Os.

– Det var viktig for oss å få osingar i leiinga. At vi skulle vera så heldige å få to osingar, begge med lang fartstid trass i ganske ung alder, var ein bonus, seier driftsleiar for Coop Extra i Hordaland, Gjertrud Botnen Aalmo.

Fekk med seg Øyvind

Kenneth Lyssand starta i daglegvarebransjen hos Drageset som 12-åring. 20 år gamal var han butikksjef på Haugsneset. Assisterand butikksjef Øyvind Skogedal har vore i bransjen sidan han var 16 år, nestsjef under Kenneth på Haugsneset og sjef eit år på Eurospar på AMFI Os.

– Eg nølte ikkje då eg fekk tilbod om jobben og ba samstundes om å få med meg Øyvind. Vi jobbar godt saman, seier Lyssand.

Begge har dei siste åra jobba for Ringnes, men ser veldig fram til comeback i daglegvarebransjen i ny, stor Coop Extra, den 7. Coop Extra-butikken i Hordaland.

Nonfood og fersk fisk

Coop Extra er som ein komprimert OBS!, med stor nonfoodavdeling med alt frå verktøy og leikar til strikkegarn og kjøkkenutstyr.

– Vi ventar at nonfoddavdelinga skal utgjera rundt 7 prosent av omsetnaden, seier Lyssand.

Men mat er viktigast for butikken. Frukt, grønt, bakervarer og fisk, ikkje minst.

– Vi får nokre varme kjøttrettar i skap medan det blir satsa endå meir på fisk. Vi får eigen betjent fiskedisk med fersk fisk inn dørene kvar dag.

Søndagsopen avdeling

Den 2600 kvadratmeter store butikken skal ha 5 kassar, 2 av dei blir kasse kun for kortbruk.

I tillegg er det sett av ein butikk i butikken, ei avdeling med eigen inngang, ein butikk som skal ha søndagsope. Denne får to kassar og passeleg mange kvadratmeter.

200 søkte om jobb

I tillegg til Lyssand og Skogedal kjem du nok til å treffa fleire osingar i butikken, som har fått 30 tilsette.

– Over 200 søkte om jobb. Det var overveldande! Det er ikkje kjekt å seia nei til så mange, men veldig gøy at så mange vil jobba hos oss, synes Kenneth.

No er fleire hyller, kjøl og frys på plass i butikken. Fleire varer har også kome.

– Tørrvarene kom i går og i dag, i neste veke skal dei i hyllene.

Ventar medlems-boom

Coop har vore i AMFI Os lenge, men Botnen Aalmo legg ikkje skjul på at Coop Prix var ein liten veslebror til den andre daglevarebutikken i senteret.

– Likevel har vi mange medlemmar i Os, truleg er mange av dei gode kundar hos OBS! på Lagunen. Med dei medlemsfordelane vi har, som startar med medlemskveld i butikken dagen før opning, altså onsdag 26. oktober, trur vi medlemstalet kjem til å veksa kraftig i tida som kjem.

Coop er som kjent eigd av medlemmane og medlemmane får, i tillegg til del av utbyte, rabattar på blant anna bensin, telefonbruk, varer hos Kapp Ahl og eigne tilbod frå Coop.

– Reisekupp er populær medlemsfordel, i tillegg til eigne tilbod og rabattar i våre eigne butikkar. Og dei som vil koma kvelden før opninga må vera raske med å registrera seg som medlem, gjerne på nett, seier Botnen Aalmo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.