Lokal | 28. jan. 2019

Lyst på noko meir spanande enn moped?

Er du fylt 15 år kan du no koma deg i lufta før sommarferien. I morgon kveld held Os Aero Klubb informasjonsmøte om korleis.

Lyst på noko meir spanande enn moped?
I morgon kveld held Os Aero Klubb informasjonsmøte om korleis du kan bli segfly-pilot. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 28. jan. 2019 18:20

Operativ leiar i Os Aero Klubb, Tore Øvreeide fortel at klubben tidlegare hadde desse kursa kvar vinter, men med internett har dei sett behovet minska.

No ønskjer klubben likevel å knytta til seg nye, unge medlemmer med å tilby kurs i klubben sine lokale på Ulvensletta.

Vegen til himmelen er ikkje så lang

Øvreeide fortel at sjølve teorikurset vil gå over to kveldar kvar veke fram til påske.

– Før du får setta deg bak spakene,må du avlegga bestått eksamen i lovar og reglar, aerodynamikk, instrumentlære og vidaregåande flylære. Du må òg stilla med ein helseattest.

– Med teorien i boks, må du ha 20 flygingar med instruktør før du kan byrja fly solo, fortel Øvreide vidare.

– Det heile er jo sjølvsagt regulert etter nivå av ferdigheiter, men det er litt stilig at du til sommaren kan flyga over heimbygda di som 15-åring, men moped eller bil, det får du ikkje sysla med.

Øvreide hugsar sjølv ein ung lovande seilfly-pilot frå Os som sykla til Ulvensletta som 15-åring, for så å gå rett til himmels over bygda.

Ikkje mykje dyrare enn mange andre hobbyar

På spørsmål om kva du må ut med for å få ungdommen ut av huset, og opp i lufta, har Øvreeide eit svar med langsiktige trekk;

– Alt kostar pengar i dag, men av alle hobbyar du kan driva med, har forskning vist at flyklubbar ofte resulterer i relevant arbeid.

Ønskjer du flyging som framtid, er eit slikt kurs rette staden å byrja.

– Elles ser ein ofte at flygeleiarar gjerne har ei fortid i ein klubb som Os Aero Klubb. Mange har gjerne byrja med modellfly, for så å sjølv ta til vengjene via eit seglfly. To av våre medlemmar flyg til dømes i F-16 i dag, legg Øvreeide til.

Øvreeide fortel at medlemskap, teorikurset, inkludert 30 flygingar kostar drygt 26.000 kroner, om du er mellom 15 og 20 år gammal. Er du eldre, er det ikkje store prisauken å spora, legg han til.

– Med «pilot-lappen» i handa - kva er vegen vidare? Det er jo ikkje berre-berre å kjøpa eit eige fly til ungdommen?

– Nei, her er det medlemskapet i klubben kjem til si nytte; for knappe 400 kroner trekk vi deg opp til 600 meter med slepefly, og seglfly får du sjølvsagt leiga av klubben. Her har vi løysingar for enkelt-turar, eller eit rabattert årskort om du planlegg mange turar i løpet av året.

75 i 21

Os Aero Klubb skal feira 75-årsjubileum i 2021.

I dag har klubben om lag 80 medlemmer tilknytta segfly, og om lag 60 medlemmer tilknytta modellfly.

Øvreeide fortel at det så langt ikkje er lagt konkrete planar for jubilanten si feiring, men at osingane garantert vil leggja merke til at det framleis er liv på Ulvensletta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.