Næringsliv | 27. sep. 2020

Lysthuset flyttar til Osøyro neste år

Monika Nord har sikra seg leigekontrakt på bakkeplan.

Lysthuset flyttar til Osøyro neste år
Monika Nord skal driva på AMFI fram til flytting sommaren 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. sep. 2020 06:59

I august blei det kjent at dei eigarane av Drageset-bygget i Os sentrum har fått leigetakar på det siste ledige lokalet, mellom Tiny Trolls og Osøyro Kolonial.

No er det klart kven leigetakar er.

Monika Nord fortel at ho i 2021 flyttar til Os sentrum med butikken sin, Lysthuset, ein mote- og interiørbutikk som fyller 15 år neste år.

– Vi driv vidare her på Amfisenteret fram til opning på Osøyro, som truleg blir til sommaren neste år, seier Monika.

15 gode år på AMFI Os

Monika dreiv nettbutikk i 4-5 år før ho i 2006 opna butikk på senteret. Ho var med andre ord tidleg ute med nettsatsing, og har framleis nytte av digitale verktøy.

– Eg har fire tilsette, éi som driv nettbutikken og tre som er ekstrahjelp i butikken. Instagram er òg ein god kanal for oss, ved sidan av sending av varer har vi kundar som køyrer frå blant anna Knarvik og Sotra for å handla her, saman med lokale kundar og ein god del hyttefolk om sommaren.

Interiør, som det heile starta med, er framleis del av utvalet. (Foto: KVB)
Interiør, som det heile starta med, er framleis del av utvalet. (Foto: KVB)

Handplukka utval innan interiør og mote

Lysthuset opna som ein interiørbutikk, i hovudsak med småvarer, men så blei utvalet supplert med sko og klede. Støvlar og Uggs var bestseljar lenge, og er framleis i utvalet.

– Norsk og nordisk design og produksjon har vore prioritert, men utvalet spenn frå norsk, svensk og dansk til spansk og australsk.

– Kva aldersgruppe har du sikta deg inn på?

– Der òg har spennet blitt stort, ikkje minst etter at vi ganske nyleg fekk inn merket Juicy Couture. Då auka brått mengda tenåringar i butikken, og no har vi nok kundar i alder frå 12 til 80 år.

Lokalet mellom Drageset-rådhuset og Osøyro Kolonial skal no få eigen inngang og ny innreiing. (Foto: Ørjan Håland)
Lokalet mellom Drageset-rådhuset og Osøyro Kolonial skal no få eigen inngang og ny innreiing. (Foto: Ørjan Håland)

Draumen om «fortausbutikk»

Bedrifta har fleire år vore blant dei som prosentvis har vakse mest av leigetakarane på senteret, noko som blant anna har ført til fleire gasellekåringar i Dagens Næringsliv.

Monika seier at flytting frå AMFI til Os sentrum ikkje berre handlar om å redusera utgiftene.

– Å driva butikk på gateplan i sentrum har lenge vore ein draum, og då dette lokalet dukka opp blei eg raskt interessert. Eg har vore i dialog med huseigar i nesten to år før tida no var moden.

– Samtidig vil det å vera frittståande gi meg ein annan fridom, både når det kjem til opningstider og kampanjar. No håper eg å få ei fin avrunding på femten fine år på senteret, fram mot sommaren, og så er eg spent på nytt lokale og det å driva på Osøyro, seier Monika Nord.

Monika har lenge hatt ein draum om å driva på gateplan. (Foto: KVB)
Monika har lenge hatt ein draum om å driva på gateplan. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.