Lokal | 14. mars 2016

Lystig Lysthusopning

Lysthuset på Amfi har i løpet av helga flytta over gangen. – Det er veldig kjekt med betre plass, ler Monika Nord.

Lystig Lysthusopning
Senterleiar Silje Lygre var blant gratulantane då Monika Nord kunne re-opna Lysthuset i nye lokale i dag. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandmandag 14. mars 2016 11:18

Etter ein hektisk søndag var det i dag tidleg kler til re-opning av livsstilsbutikken Lysthuset i nye lokale. Der kan du kjøpa alt du treng for å kle deg frå innerst til ytterst, sko, accessories, litt interiør og i gourmetseksjonen: Nicolas Vahé - gourmet for den kresen gane.

– Eg har jo ikkje flytta så langt, berre rett over gangen, men det er godt med større plass. Vi hadde for mykje varer i forhold til plass på den andre sida av gangen. No har vi 25-30 kvadrat meir å boltra oss på.

Filippa K

Nord ser fram til å kunne visa varene som dei fortenar å bli vist.

– Det er noko med å kunne visa varene slik at dei kjem til sin rett. No når eg har større plass kan eg ta inn merker som fortener litt plass. Filippa K til dømes, som eg får inn i juni.

– No tykkjer eg sjølv at eg har perfekt lokale. Og kundane har sjølvsagt vore udelt positive. Med større plass vert det lettare å halda fram utviklinga av konseptet og finna nye ting også.

Veksande jubilant

– Etter 10 år tykkjer eg det er på tide med litt meir plass.Lysthuset er 10 år i november. Eg har igrunn venta på å få flytta til eit litt større lokale på senteret. Og det var på tide å fornya og utvikla litt.

– Eg har alltid gått min eigen veg, og utvikla konseptet etterkvart. Eg får litt «ny giv» av desse nye lokala. Og så blir det spennande å sjå kven som flyttar inn over gangen.

Frå Lysthuset starta og fram til i dag har omsetnaden med få unntak peika ein veg: Oppover.

– Det var vel eit år vi gjekk litt ned, elles har det auka kvart år. Det viser nok at vi treff godt med konseptet og varene.

Gratulasjonar

Medan Midtsiden var på besøk, nytta fleire av kundane høvet til å gratulera med flyttinga. Og senterleiar Silje Lygre kom innom med gratulasjonar og ein flott orkidé.

– Det er veldig bra for Lysthuset å få så romslege lokale, så dette vert veldig bra.

– Eg kan ikkje seia noko om kva som flyttar inn i dei gamla lokala til Lysthuset, men eg kan seia såpass at det er fleire interessentar, seier ein ordknapp senterleiar før ho hastar vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.