Lokal | 08. okt. 2013

Må betale 1,3 millionar

Os kommune må innfri den kommunale garantien dei har gjeve til Vildmarken Golfklubb. – Vi såg det kunne komma, og satt av pengane i 2012-rekneskapet, seier økonomisjefen.

Må betale 1,3 millionar
Kommunen vil overta eigedoms- og dispensasjonsretten til klubbhuset til Vildmarken Golfklubb (Arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 08. okt. 2013 10:04

I 2006 søkte Vildmarken Golfklubb i Øvredalen om kommunal garanti for å byggje eit klubbhus/starthytte. Kommunen innvilga garantien for eit lån på inntil 1,5 millionar kroner. I 2009, omlag då klubbhuset sto ferdig, kontakta golfklubben kommunen igjen med spørsmål om lenging av avdragsfridomen på lånet, noko kommunen godkjende fram til 20. mars 2011.

I saksutgreiinga skriv økonomisjef Inger Karin Kaalaas: "Diverre vart ikkje den vidare utviklinga i klubben slik dei vona. Talet på spelarar gjekk ned, og klubben fekk økonomiske vanskar med påfølgjande problem med å betene lånet. Kommunestyret vedtok vinteren 2011 å lenga garantitida med 8 år frå 2016 til 2024 samt å gje tilskot til klubben vedr betaling av avdrag dersom klubben sjølv ikkje har likviditet til å betala dette ved forfall. I praksis har dette medført at kommunen har gjeve tilskot til Vildmarken golfklubb ved kvart forfall. Rentene har klubben sjølv betalt.

Situasjonen til Vildmarken golfklubb har no ytterlegare forverra seg, og klubben meldar at dei ikkje lengre har midlar til å betala rentene på lånet."

Kommunen har ikkje pant i eigedommen, då huset ligg på leigd grunn, noko som gjer at det av formaltekniske grunner ikkje var mogleg å ta tilfredsstillande pant.

Redd for konsekvensane

Lars Atle Skorpen (Ap) var ikkje spesielt nøgd med å nytta fellesskapet si kasse for å innfri garantien.

– Denne saka stiller to prinsipielle sider. Det er tragisk å måtte nytta innbyggjarane sine pengar på denne måten. Det andre er spørsmålet om pant i tilsvarande saker.

– Eg håpar vi i framtidige saker kan sikra oss med tilstrekkeleg pant. Korleis det skal gjerast, må nesten søkjar finna ut av.

– Det kan ikkje bli slik at vi etterlater eit inntrykk av at om ein skylder penger, så er det berre å nytta den kommunale garantien. Det blir for lettvint, hevda Skorpen.

Vil ha eigdoms-/råderett

Espen Aspenes (Frp) peika på at då ein i 2009 hadde saka oppe, så frykta ein dette utfallet.

– Vi frykta allereie den gong at saka kunne få eit slik utfall.

– Det er eit oppegåande klubbhus med toalettar, kjøken, kontor og garasjer som står der. På vegne av Frp/H vil eg difor foreslå eit tilleggspunkt om at kommunen søkjer å overta eigedoms-/råderetten over huset og at det blir til allment bruk, friluftsformål.

– Vi ønskjer ikkje å overta eventuelle forpliktingar golfklubben har i høve grunneigar, påpeika Aspenes.

Eit virkemiddel for aktivitet

Fleire av formannskapet sine medlemar peika på at det var uheldig at ein ikkje hadde tilfredsstillande pant i eigedommen og trakk opp dei prinsippielle linen omkring kommunal garanti og korleis desse forvaltast. Totalt har kommunen gjeve 52 millionar kroner i garanti til ymse prosjekt.

– Det er veldig greit å trekkje opp dei litt meir prinsippielle sidene. Samstundes er det å gje ein kommunal garanti ein kalkulert risiko, og eit virkemiddel vi har i høve til å ta ei samfunnsrolle og hjelpa frivillige lag til å realisera anlegg.

– Administrasjonen har jo tidlegare signalisert at dei ønskjer å stramma inn, mens vi politisk har sagt at den samfunnsrolla vil vi ta, påpeika ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Det å gje kommunal garanti er kanskje eitt av dei viktigste virkemidla vi har i høve til å halde frivillige organisasjoner i gang. Veldig mykje av det arbeidet som blir gjort er eit veldig godt og viktig arbeid, supplerte Erik Neverdal (TvS).

Mot AP sine to stemmer gjekk formannskapet inn for å utløysa den kommunale garantien. Samstundes var dei samrøystes i at kommunen skulle søkje å få eigdoms-/råderett til eigedommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.