Lokal | 22. mars 2012

Må finna ny plass

Fylkeskommunen skrinlegg pendlarparkering ved Kuven stasjon. Løysinga blir for dyr. Samtidig deler dei ut pengar til fleire prosjekt i Os. Sjå liste.

Må finna ny plass
Den planlagte pendlerparkeringa på myra ved Ulven stasjon er skrinlagt. Grunnarbeida blei for kostnadskrevande (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. mars 2012 09:44

Midtsiden skreiv i september om planane om å etablera pendlarparkering på myra ved Rema 1000 Kuven. No viser det seg at den løysinga blir for dyr.

I formannskapet tysdag orienterte ordførar Terje Søviknes (Frp) frå fylkestinget, der Os har fått løyvd midlar til fleire fylkeskommunale vegprosjekt i kommunen. Sjå oversikta nedst i saka.

- Når det gjeld pendlarparkeringa ved Kuven stasjon har fylkeskommuen kome fram til at det blir for høge kostnadar med grunnarbeida.

- Dei såg seg nøydde til å fundamentere parkeringa med pæler og det blir for dyrt, forklarte ordføraren.

Fylkeskommuen har no bedt Os kommune om å starta planarbeidet for å finna ein ny plassering av parkeringa. Til dette planarbeidet har fylkeskommunen bevilga 300.000 kroner.

Tøsdalsskiftet eit alternativ

Den mellombelse løysinga der leiger areal frå Rema 1000 går i utgangspunktet ut i sommar.

- Vi må sjå på det i helikopterperspektiv.

- For meg fell Tøsdalsskiftet inn som eit naturleg alternativ, der ekspressbussar kan kjøra frå Osøyro til Tøsdalsskiftet og så rett på den nye vegen når den er klar.

- Området er regulert til landbruk så det er viktig at vi kjem igang med prosessen om vi går for dette alternativet, avslutta ordførar Terje Søviknes.

Fylkeskommunale tilskot til veg i Os

Rundkøyring ved Amfi Flåten - 2 millionar kroner
Eit spleiselag mellom fylket, kommunen og Amfi Eigedom. Totalkostnad 6 millionar, ferdig nov 2012

Forskuttering anleggsveg Endelausemarka - 30 millionar kroner
Det tyder at anbod kan lysast ut i vår og at dei fysiske arbeida kan ta til hausten/vinteren 2012

Haldeplassar, universell utforming Osøyro - Tøsdalsskiftet - 2,25 millionar kroner
Opprusting av busshaldeplassane mellom Osøyro og Tøsdalsskiftet. Arbeidet pågår.

10 stk nedsett fart + fartshumpar - 2 millionar kroner
Gjeld sentrumsnære områder på fylkesveg 552/159/160

4 stk signalregulerte gangfelt FV 522 - 4 millionar kroner
FV 522 i utkanten av sentrum, mellomanna Solstrandskrysset

Gang- og sykkelveg Irgensgrinda-Ulven - 1 million kroner
Strekninga frå innkøyringa til Ådnadalen til Irgensgrinda. Kommunal medfinansiering manglar.

I tillegg er det lagt inn planmidlar til regulering av fylkesveg 158 Gindavoll-Lepsøy bru. Ferdig regulert i løpet av 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.