Lokal | 04. mai 2018

Må grava tre plassar etter straumbrot

BKK Nett har funne fleire feil etter at 3060 abonnentar i går var utan straum.

Må grava tre plassar etter straumbrot
Det er no sett ut mobilt aggregat både i Kolabakkane og Midtskogvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mai 2018 08:19

Torsdag klokka 21.40 gjekk straumen hos over 3000 innbyggarar i Os. Søre Neset, Hegglandsdalen, Ulven og nokre sentrumsnære område var ramma.

Klokka 23 hadde mange fått lys og varme igjen, men framleis var 481 utan straum.

Fredag morgon var talet nede i 21 abonnentar utan straum, alle i Midtskogvegen og Kolabakkane.

– Ingen feil er retta

BKK Nett fortel at dei har funne feil i kabel tre plassar, eit godt stykke frå kvarandre.

– Vi må grava både i Midtskogvegen, Eidsvegen og Ulvenvegen, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK Nett.

Ingen feil er førebels retta, men BKK har lykkast med omkopling til dei fleste abonnentar.

– Vi kjem til å jobba på tre ulike stadar gjennom dagen og håper å få gjort oss ferdige i dag.

Uviss årsak

Mobile straumaggregat skulle plasserast ut i natt, men fredag morgon var det framleis 21 utan straum.

– Belastinga blei for stor til dei 149 i og rundt Midtskogvegen, men nytt aggregat er i ferd med å koma i drift.

Ein som bur i Kolabakken fortel at han fekk straum frå aggregat i 5-tida i dag tidleg. Nok eit aggregat ser no ut til å vera i drift i Midtskogvegen.

BKK Nett reknar med at den eine kabelen rauk først, og at dei to andre er sokalla følgjefeil, det eine straumbrotet fører til auka belasting andre stadar, og svake parti av desse kablane ryker.

Det er førebels uvisst kva kabel som rauk først, og om ytre påverknad er årsaka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.