Lokal | 19. jan. 2012

Må handsamast på nytt

Fylkesmannen tar klage til følgje og sender reguleringsplan i Lysefjorden tilbake til kommunen.

Må handsamast på nytt
Reguleringsplanen for Sperrevik/Leirvåg må handsamast på nytt av kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. jan. 2012 14:31

Kommunestyret godkjente 29. mars 2011 reguleringsplan for Sperrevik, Leirvåg i Lysefjorden. Det kom inn tolv private klager på vedtaket, som blei oversendt fylkesmannen for handsaming etter at Plan- og bygningsutvalet i sitt møte 8. september 2011 ikkje tok klagene til følgje.

Onsdag i førre veke kom svaret frå Fylkesmannen kor dei oppheva Os kommune sitt vedtak og sente planen tilbake for ny handsaming.

Bakgrunnen for vedtaket er at Fylkesmannen meiner det blei gjort så store endringar i reguleringsplanen frå den låg ute til offentleg høyring til den blei vedtatt, at den skulle ha vore lagt ut på nytt.

- Fylkesmannen vuderer derfor saka slik at endringane er så omfattande at ein her treng eit nytt offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslovas §12-10, for å sikra offentleg medverknad og samråd i reguleringsprosessen, skriv sakshandsamar Laila Pedersen Kaland hjå Fylkesmannen.

Fortau, parkering og gangvegar

Bakgrunnen for Fylkesmannen si vurdering er at det er gjort vedtak om at det skal opparbeidast fortau langs tre vegar og at det er kome til to parkeringsplassar i område som var merkt leik/friluftsområde i det opphavelege reguleringsforslaget. I tillegg er ei bustadtomt gjort om til friluftsområde og ein jordvoll er tatt inn som skjerming mellom ein nabo og ein av dei nye vegane i planen.

Det at kommunen òg vil leggja inn tre gangvegar mot busstopp i Sperreviksvegen og ei avkøyrsle nr 2 til bustadområdet blir òg peika på som vesentlege endringar.

Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Saka må derfor leggast ut på nytt til offentleg ettersyn og opp til ny handsaming i kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.