Må kanskje stenga seks klasserom

Elevar ved tre trinn på Lunde barneskule skal torsdag ha «uteskule». – Men det er mogleg at vi har klart å omgå feilen.

Lunde barneskule. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. mai 2014 22:19

Onsdag var kommunelegen på inspeksjon på Lunde barneskule. Resultatet blei stenging av seks klasserom på skulen.

Årsaka er dårleg ventilasjon.

«Elevane møter likevel som normalt og har uteskule (...) de berørte klassene er 4., 5. og 7. trinn (...) alle elevane må vere kledd etter vêret» står det i tekstmelding frå skulen til føresette.

Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, forklarer at det har vore problem med å få tak i nye delar til ventilasjonsanlegget ved skulen.

– Men vi har blitt lovd levering i morgon. Vi prøver å gjera det beste ut av dette og viss alt går etter planen blir anlegget ferdig reparert torsdag.

– Og i kveld har våre folk klart å omgå feilen, så det er mogleg at det likevel blir vanleg undervising i morgon, legg ho til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.