Lokal | 28. jan. 2011

Må sikra skulevegen

Plan og bygningsutvalet godkjende torsdag reguleringsplan for Sperrevik/Leirvåg i Lysefjorden, men først må skulevegen sikrast.

Må sikra skulevegen
Andris Hamrefredag 28. jan. 2011 14:57

I planen ligg det inne vel 100 einebustadar. Då plan og bygningsutvalet handsama saka før jul utsette dei saka for at tiltakshavar skulle komme i møte og orientera om mellom anna rekkefølgjebestemmelser og trafikktilhøva.

Torsdag gav Bjørn-Atle Drange i ABO Arkitektar ei orientering på vegne av tiltakshavarane.

- Før utbygginga tek til skal vi etablera sikker skuleveg til Lysekloster skule, fortalte Drange til utvalet.

I samband med utbygginga i Nordstraumen og no planen for Sperrevik/Leirvåg vil dei laga fortau langs Sperrevikvegen fram til Sørstraumen.

- Utfordringa er skulevegen vidare frå Sørstraumen og opp til skulen. Om vi skulle lage fortau langs Drangsvegen så ville det vera snakk om fleire titals millionar kroner. I tillegg vil det kulturlandskapet ein finn i Lysefjorden bli øydelagt.

- Difor er vi i dialog med han som eig Haukelandsbakkane for å sjå på ei løysing frå Sørstraumen til Fiskarhaugane fram til tilførselsvegane til nye E39 blir bygd, forklarte Drange som håpar det ikkje er for langt fram i tid til skulevegen kan etablerast.

Ti år fram i tid
Sjølv om området blir regulert til einebustader no, kan det enno ta ei stund før området blir ferdig utbygd.

- Vi må tenkje på den øvrige kommunale infrastrukturen som kapasitet på mellom anna skule og barnehage som skal absorbera dei behova som kjem frå utbygginga. Kva er ditt «best guess» på kortid feltet vil vera utbygd, lurte Norvald Skåtøy (Ap) på.

- Det er eit relativt begrensa behov for tomtar i dag, men det er ei arealressurs når nye E-39 er på plass.

- Eg trur nok at vi snakkar minst ti år fram i tid før feltet er utbygd, fortalte Drange.

Han fortalte vidare at dei legg opp til ei stykkevis utbygging av området.

Kva med brønnane?
Nokre av innsigelsane som har kome til planen er at fleire av naboane til planområdet har brønnane sine innanfor det som no skal bli boligfelt.

Astrid Leikvoll (Tvs) lurte difor på kva utbyggar ville gjera om vasskvaliteten for disse blei forringa som følgje av utbygginga.

- I Norstraumen har vi gjort det slik at vi har teke kostnadane med det fysiske arbeidet å koble naboane på vass- og avlaupsnettet, medan dei sjølv har betalt den kommunale tilkoblingsavgifta, forklara Drange.

Langt til bussen
Feltet som ligg på oppsida av Sperrevikvegen frå Sperrevika til kommunegrensa skal berre ha tilkomstveg i Sperrevika. Med liten tru på at Skyss vil legga om bussrutene til å svinge oppom feltet var utvalet opptatt av å sikra lett adkomst til dei eksisterande busshaldeplassane langs Sperrevikvegen frå feltet.

Norvald Skåtøy (Ap) oppmoda difor tiltakshavar om å gå i dialog med grunneigarane i området for å få til gangvegar fleire plassar frå planområdet og ned til Sperrevikvegen.

Avgjersle i kommunestyret
Etter orienteringa frå tiltakshavar og gruppemøter kom utvalet fram til at dei kunne gå inn for planen og senda den vidare til kommunestyret med visse kommentarar.

Plan- og bygningsutvalet ønskar at delar av det avsatte friområdet (S7) nyttast til parkering for å sikre adkomst til friområdet i Sperrevika og turstiane til Lyshornet og at ei tomt gjerast om til friområde. Dei ønsker òg at det lagast fortau på fleire av stikkvegane innanfor planen.

Kommunestyret sitt møte er 22. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.