Må sikrast mot 200-årsflaum

Landboden-reguleringa til godkjenning med 76 bustadar i fire til seks etasjar. Flaumen i Odda sette ekstra krav til sikring.

Landboden fredag formiddag med litt vatn i vegen. I samband med reguleringsplanen må vegen byggast om til å bli overlaups-løp for Oselvo (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 22. mai 2015 15:28

Bildeserie:

Illustrasjonsplanen for Landboden (ill: b+b arkitekter as)
Reguleringsplanen legg opp til 76 bustader i 4 og 5 etasjars bygg (ill: b+b arkitekter as)
Illustrasjonsplanen for Landboden (ill: b+b arkitekter as)
Reguleringsplanen legg opp til 76 bustader i 4 og 5 etasjars bygg (ill: b+b arkitekter as)
1 av 2
Reguleringsplanen legg opp til 76 bustader i 4 og 5 etasjars bygg (ill: b+b arkitekter as)
Illustrasjonsplanen for Landboden (ill: b+b arkitekter as)

Då plan- og utviklingssjef Aina Tjosås presenterte reguleringsplanen for Landboden i plan og bygningsutvalet torsdag forklarte å samstundes kvifor det har tatt over eitt år å få planen frå første til andre gongs handsaming.

– Den største utfordringa har vore flaum.

– NVE kom litt seint på banen, samstundes som vi fekk eit døme på kva naturkreftene kan gjera gjennom flaumen i Odda.

– Tiltakshavar har difor måtte ta ekstrarunder på dette saman med NVE og konsulentar, innleia Tjosås.

Landboden som overlaupsløp

I utgangspunktet var bygga mot elva tenkt sikra mot vatninntrenging berre frå eine sida.

– Det er gjort eindel tiltak i planen for å sikra mot flaum på ein betre måte.

– Mellomanna er det lagt opp til at Landboden blir overlaupsløp om Oselvo går over sine bredder.

– Vatnet vil då bli leia ned Landboden, forbi dei nye bygga og utatt i elva der ho er breiare og kan betre ta unna vatnet, forklarte Tjosås før ho la til at det tydde at bygga òg måtte sikrast mot vatninntrenging på innsida.

– NVE er trygge på at dette er ei god løysing. Vi har freista å ta høgde for det vi ikkje klarer å ta høgde for.

Vaksen gettofisering

På strekket frå gamlebrua til parkeringsplassen ved Kløvertun legg planen opp til 76 husvære fordelt på fire bygg. Høgda på husa kan varierar mellom fire og seks etasjer.

– Eg er uroa for kven desse husa blir bygd for.

– Når vi ser på dei andre bygga som har blitt realisert i sentrum, så er mitt inntrykk at det stort sett er dei som er 60+ som har kome inn i sentrum.

– Vi må sørgje for å skapa mangfold og variasjon med å legga tilrette for barnefamiliar òg.

– Slik det er no føler eg det er i ferd med å bli ei gettofisering av hyggelege menneskjer i 60+.

– Kva er det vi gjer som ikkje er godt nok, og har vi klart å få det bra nok i denne planen, det vi ikkje har klart i dei andre, undra Torill Keys (Ap).

– Då må vi sjå dei andre områda i samanheng òg. Eg trur det er eit heilt anna segment av kjøparar til desse husa som kjem her, svara plan- og utviklingssjefen, som tidlegare i møtet hadde påpeika at planen tilfredstilte kravet om utomhusareal på 50 kvadratmeter per bueining.

For voluminøst

Medan posisjonen med H/Frp meinte at planen var god nok, så var ikkje Terje Sperrevik (TvS) like einig.

– Planen har ein heilskap i seg som gjer at eg ikkje har problem med å gå for den slik den ligg, kommenterte Ståle Skaatun (H) etter å ha oppsummert trafikksituasjonen, idrettsplassen, parkering og kombinasjonsbygget med idrettshall og kultursenter.

– Eg tykkjer ikkje planen er så rosenraud som Skaatun vil ha det til.

– Den er for voluminøs med fem og seks etasjar. Skal vi få barnefamiliar til å etablera seg her, så må vi ha nokre opne rom og grønt områder.

– Eg er ikkje sikker på at osingane er klar over kor voldsomt dette er. Eg er ikkje sikker på at det er dette osingane vil ha, kommenterte Sperrevik, som påpeika at han mellomanna sakna 3D-visningar av planen.

Les òg: – ikkje ei god løysing

Planen blei sendt vidare til kommunestyret med H/Frp/Krf sine seks røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.