Sport | 14. jan. 2019

Må truleg flytta stolpar og skur

Os Fotball må ta grep for å få banen godkjent for Norsk Tipping-ligaen.

Må truleg flytta stolpar og skur
Avstanden frå sidelinja til muren er tilfredsstillande, men ikkje avstanden til innbytarskur og tre lyktestolpar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. jan. 2019 13:02

Norges Fotballforbund har ulike krav til ulike nivå, både når det kjem til banestorleik, fasilitetar og tryggleik.

I «Turneringsbestemmelser Norsk Tipping-ligaen 2018» punkt 5.3 står det blant anna at banen skal vera minimum 60 m x 100 m og maksimum 68 m x 105 meter, men at unntak kan bli innvilgd.

Banen «K1» på Kuventræ, som A-laget har som hovudarena, er 64 x 105 meter, med andre ord innanfor krava.

Lysmast og skur på innsida av tryggleikssone

Eit anna krav, som det ikkje ser ut til å vera unntak frå, er tryggleikssonene nemnt i punkt 2.2.1 i «NFFs Sikkerhetsbestemmelser».

«Sikkerhetssonen (avstand fra sidelinjen/dødlinjen til nærmeste hindring) bør være 5 m bak mållinjen og 4 m utenfor langsidene.»

– Det er 4 meter frå sidelinja til muren, men fundamentet til lysmastene er på innsida av desse. Det same er innbytarskura, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Fekk ikkje dispensasjon

Det er to innbytarskur og tre lysmaster langs sidelinja. Sjølv om det står «bør være 4 m utenfor langsidene» har Os Fotball nyleg fått avslag på søknad om dispensasjon.

– Vi ønskte å løysa dette ved å polstra fundamentet og mastene, men det ville ikkje NFF godta, fortel Brenne.

Klubben har byrja å undersøka metode og pris på å trekka stolpane og benkane tilfredsstillande langt unna sidelinja.

Det er nok areal å ta av langs sidelinja, men skrått terreng og kanskje behov for bygging av ny mur ned mot nedre bane (K2).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.