Lokal | 23. sep. 2016

Må ut med 4200 kroner etter venstresving

Politiet torsdag: Ulovleg sving ut Brugata, sal av maleri i Finnebrekka, fyrverkeri i Kuvågen og høg musikk i sentrum klokka 5 i natt.

Må ut med 4200 kroner etter venstresving
Å svinga til venstre her kan kosta deg dyrt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. sep. 2016 07:47

Mens det nyleg har blitt lov å svinga til venstre ut av sentrum frå Øyro ved Landboden (etter omlegginga av E39 i sommar) er Brugata framleis meint å senda til deg høgre, mot rundkøyringa.

Litt før klokka 22.30 torsdag kveld oppdaga politiet (som sjølv tok ein ulovleg sving ved Lundehjørnet i august) ein som svingte til venstre ut Brugata på Hatvikvegen.

– Vedkomande vedtok forelegget på staden, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Den ulovlege svingen kosta vedkomande bilførar 4200 kroner.

Fyrverkeri frå Bjørkhovda

I 23-tida fekk politiet melding om fyrverkeri i Kuvågen ved Bjørkhovda.

– Patruljen var ute i området og har snakka med nokon, utan at det kjem tydeleg fram av loggen kva form for oppfølging saka får, seier Fimreite.

Han minner om at det berre er nyttårsaftan frå klokka 18 til 02 at privatpersonar kan bruka fyrverkeri. Elles i året må det profesjonelle til, med godkjenning.

Høg musikk klokka 5 om natta

Klokka 04.45 i natt fekk politiet klage på støy i form av høg musikk frå eit husvære i Os sentrum.

Politiet rykte ikkje ut, men vedkomande dempa musikken klokka 05.15.

Reagerte på dørseljarar

Tidlegare torsdag kveld fekk politiet fleire meldingar, blant anna frå Finnebrekka, om utanlandske dørseljarar.

Nokre austeuropearar skal ha gått rundt og selt maleri. Politiet, som ofte rykker ut for å sjekka personalia på utlendingar som driv med denne formen for sal, rykte ikkje ut på meldingane som kom i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.