Sport | 29. apr. 2011

«Madde» skaut Os til finale

Handballdamene til Os tok seg fredagkveld til finalen i BA-Cup etter å ha slått Tertnes.

«Madde» skaut Os til finale
Andris Hamrefredag 29. apr. 2011 20:45

BA-cup er eit regionalt «NM» for lag frå 2. til 6. divisjon. Fredag kveld tok Os imot Tertnes 2 til semifinale i Oshallen. Sidan Tertnes til dagleg spelar i 4. divisjon fekk dei seks straffer før kampen starta.

Susann Rosvold, nyleg teken ut på regionslaget for J18, redda to av dei slik at Tertnes kunne starte kampen berre fire mål framfor.

- Der kom vi framfor skjema med ein gong, kommenterte Ostrenar Kenneth Husebø i det som kunne bli hans siste kamp som lagleiar.

Høgt tempo

Dei to laga starta kampen i eit forrykande tempo. Tertnesdamene anført av tidlegare eliteseriestjerne Mette Davidsen hadde mykje krutt i beina, men spelet gjekk mykje på tvers.

Os derimot satte fart mot mål og etter omlag halvspelt omgang hadde dei tatt igjen firemålsleiinga. Til pause leia Os 19-14.

Madde herja

Madeleine Hjertnes, som har vore toppskårar i mange av seirekampane i vinter ville ikkje vera dårlegare i fredagens semifinale. Heile tolv nettkjenningar noterte ho seg i protokollen.

I morgon skal ho freiste å hjelpe 2. laget til å klara kvalifisering til 3. divisjon då dei møter Jotun 2 til kvalifiseringskamp i Åsanehallen kl 14.

Allereie 17:15 stillar ho, og dei andre jentene igjen på parketten i Oshallen. Då i BA-cupfinalen mot Åsane og det som blir avskjedskampen for trenar Kenneth Husebø.

Os-Tertnes 33-30 (19-14)
Utvisningar: Os 1x2 min, Tertnes 3x2 min
Os sitt lag: Susann Rosvold, Madeleine Hjertnes 12, Kaja Randa Bertelsen 1, Tonje Hjertnes, Maria Stangeland Lunde 5, Hilde Kristine Røttingen 6, Ingvill Hefte, Line Borsholm 2, Mona Breivik Stigen 1, Elise Hjelle 2, Emilie Hjertnes 4.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.