Madelen Koldal Holme med den enorme pokalen for 1. plass i Norway Cup 2018. (Privat foto)

Madelen avgjorde Norway Cup-finalen

Madelen Koldal Holme (16) skåra på golden goal og sikra 1. plass til Stord J19!

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sandviken-spelar Madelen Koldal Holme frå Os spelte for Stord i Norway Cup.

I går vann dei finalen i A-sluttspelet 1-0 på golden goal over Tiller il. Målskårar var Madelen.

– Tiller hadde avgjort to tidlegare kampar på straffekonkurranse, så vi hadde veldig lyst å avgjera før ekstraomgangane var over, fortel Madelen.

Ei lagvenninne var på løp, og hamna i duell med keeper. Ballen spratt vidare og J16-landslagsspelaren frå Os kunne gå roleg mot mål før ho sette den trygt inn - til stormande jubel!

Madelen, var ei av tre 16-åringar på J19-laget, spelte frå start, men kvilte seg i første ekstraomgang og spelte heile andre ekstraomgang før ho avgjorde finalen.

– Eg synest det var fortent at vi vann. Kampen starta jamt, men vi tok over og skapte ein del store sjansar før full tid.

Stord starta turneringa med 0-1-tap, men vann resten av kampane og sleppte ikkje inn eit einaste mål til. Motsett av Nore Neset/Os J15, som gjekk til finale utan å sleppa inn mål, men tapte finalen 0-1.

Tredje finale på rad

Madelen skåra også i finalen i Norway Cup i fjor, då gav ho Bønes J16 1-0-leiing. Men finalen endte med tap og 2. plass.

I 2016 var ho med på å ta 2. plass i Dana Cup, i 2015 blei det 3. plass i Danmark.

– Det var kjekt å endeleg vinna ein finale! synest Toppserie-spelaren.

Ho hadde ikkje plan om å reisa til Norway Cup i år, men så blei ein Stord-spelar sjuk og Madelen blei invitert med.

– Eg har vore på kretslag for 2001 og 2002 med nokre av spelarane, i tillegg var ei lagvenninne frå Sandviken med Stord til Oslo.

Spennande start på hausten

Tidlegare i sommar har ho spelt nordisk turnering med J16-landslaget.

Ved sidan av å vera spent på speletid og resultat med Sandviken i haust, håper Madelen å bli tatt ut i troppen som skal spela kvalifisering til EM.

– Første kvalifiseringskamp går mot Sverige i september, og det er ei samling før den tid. Uttaket er førebels ikkje tatt.

Fleire saker