Madelen og Vilde var toppskårar og kaptein på kretslaget si samling på Bremnes i helga. No er dei tatt ut på landslaget. (Privat foto)

Madelen og Vilde tatt ut på landslaget!

Madelen K. Holme (15) og Vilde D. Veglo (15) er tatt ut på Norge U15. Malin Ludvigsen (14) er tatt ut til Statoils talentleir.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga var Vilde Drange Veglo (Os Fotball) kaptein og MadelenKoldal Holme (Lysekloster/Nore Neset) toppskårar på kretssamling på Bremnes med siger i kamp mot Rogaland sitt kretslag. Måndag blei begge tatt ut på landslaget.

– På samlinga fekk vi beskjed om at uttaket skulle koma måndag i 11-12-tida. Eg følgte med heile dagen, det var utruleg spennande, seier Vilde om lista som heller ikkje tysdag blei publisert.

– Uttaket kom per epost. Eg blei tipsa av andre i troppen og det var ein veldig gøy beskjed å få!

På Bremnes blei det 4-2-siger til Hordaland over Rogaland. Vilde og Madelen spelte heile kampen. Vilde var kaptein og hadde eit stolpeskot der returen blei skåring, mens høgrekant Madelen skåra heile 3 av dei 4 måla til Hordaland.

• Oppdatert: Her er heile uttaket (fotball.no)

Malin tatt ut til talentleir

Det er tre spelarar frå Hordaland i troppen, dei to frå Os og Elise Kvinge frå Bønes.

Frå Os er Malin Ludvigsen også i eit spennande uttak.

I mars var ho, som Vilde og Madelen, tatt ut til landsdelssamling.

Nore Neset-spelaren er eitt år yngre enn Vilde og Madelen, og har førebels ikkje noko landslag å strekka seg etter, men er tatt ut til Statoils talentleir.

Speler med landslaget i juni

Vilde og Madelen, som begge speler med G15/G16-lag i klubbane sine, skal på si første landslagssamling i juni.

– Vi er i Rogaland på samling frå 21. til 25. juni. Der skal vi spela mot skyggelandslaget, som er jenter frå 2002 og 2001 som er nær på å bli tatt inn på landslaget, så det blir både ein tøff kamp og ein viktig stad å yta, trur Vilde.

• Les òg: Frå «blomsterpike» til gutelagsspelar

Fleire saker