Sport | 26. mai 2016

Madelen tatt ut på øvste nivå

Madelen Koldal Holme (14) er ei av to jenter frå Hordaland som skal på Statoil sin talentleir med landslagleiinga.

(Privat arkivbilde, foto: Gry Offernes, Sogndal 2014)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2016 10:16

Lysekloster-jenta Madelen K. Holme, som no speler for Gneist, er del av troppen på 24 i uttaket til NFF og Statoil sin talentleir i Stavanger i juni.

Så vidt vi ser av uttaket er Madelen einaste jente frå Hordaland utanom Elise Kvinge frå Bønes i uttaket.

Frå Os er Ole Martin Lekven Kolskogen tatt ut i gutetroppen i årsklassen over.

24 av 10.000 spelarar

Det er fagansvarleg for Landslagskolen, Håkon Grøttland, som har tatt ut troppane. Blant utviklingspersonalet er landslagstrenar for jenter, Lena Tyriberget.

Statoils Talentleir i Stavanger utgjer det øvste nivået for jenter 14.

Spelarane har kvalifisert seg gjennom sone, krets og landsdelstiltak og deltakarane er dei 24 mest talentfulle av 10.000 jenter i 2002-årgangen som speler fotball.

Sjå heile uttaket på fotball.no.

Madelen har vore i trening med Toppserie-laget Sandviken og skal, etter Dana Cup med Gneist, hospitera for Os J17 i Norway Cup denne sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.