Lokal | 02. jan. 2016

Mager fangst på Byvegen

Dei fleste hugsa både bilbelte og reglane for mobilbruk då UP var i Os i dag.

Mager fangst på Byvegen
UP ved Statoil i dag. Preben Abrahamsen (t.v.) og Tore Erikstad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. jan. 2016 17:34

Laurdag i 12-tida hadde utrykkingspolitiet trafikkontroll på Byvegen retning sør.

– Vi har nett starta, og har førebels to reaksjonar, seier Nils Tore Erikstad frå UP.

Han og kollegaen Preben Abrahamsen sto med kikkert og kontrollert bilbelte og mobilbruk inn mot Os sentrum.

– Det plar dessverre vera ein del utan belte eller med mobil her som fartsgrensa er låg.

Tre reaksjonar på ein god time

Etter endt kontroll viste det seg at dei fleste køyrde lovlydig i dag.

– Det blei to forenkla forelegg for bruk av mobil og eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte, fortel Erikstad.

Kontrollen varte frå klokka 11.45 til 13.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.