Næringsliv | 28. juni 2011

Magnor i kraftig vekst

H-vinduet Magnor var kjerringa mot straumen gjennom finanskrisa og seglar i år forbi 100 millionar kroner i omsetnad med sitt unike vindaugesystem.

Magnor i kraftig vekst
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juni 2011 21:04

Etter å ha jobba med vindauge frå ungdomsskulealderen kjøpte Ole-Vidar Skaathun i 2007 aksjane i H-vinduet Magnor AS ut av familieselskapet, der pappa Sveinung var hovudaksjonær.

Dei siste åra hadde junior Skaathun vore produksjonssjef og salssjef og opplevd gode tider i byggebransjen.

– Så kom 2008 og vi såg tidleg kva som var p�� veg denne hausten. Seks tilsette blei sagt opp for å førebu oss på ein roleg periode i finanskrisa, samstundes dobla vi talet på seljarar, for å prøva å kompensera for den sviktande marknaden.

Nytt rekordår

Strategien fungerte. Selskapet kapra store delar av tiltakspakken og fekk rikeleg med ordrar, særleg innan offentlege bygg som skular og barnehagar. Alle som blei sagt opp hausten 2008 fekk jobben tilbake våren 2009.

Etter dette har dei auka med fem nye, no er 43 i sving på fabrikken.

– 2010 blei eit rekordår med 96 millionar kroner i omsetnad. Vi var spent på om vi i år skulle klara å følgja opp, men vi ligg allereie langt framfor budsjett og målsetnaden om å passera 111,5 millionar kroner i 2011.

Selte seg sjølv

Selskapet reklamerer med at produkta deira har minst 60 års levertid. Dette set mange kommunar pris på, men det er ikkje lenger berre det offentlege som satsar på vedlikehaldsfritt.

– Vi hadde ein morosam episode i fjor haust. Ein av seljarane våre, Tor André Aspenes, var og presenterte vindauga våre for eit borettslag i Oslo. Dei skulle skifta 1800 vindauge, alle i feltet bortsett frå dei i trappeoppgangane, for dei var «av ei eller annan årsak like fine» etter nesten 30 år, fortel salssjef Sturle Sørstrønen.

Tor André meinte han drog kjensel på vindaugstypen, og ganske rett, det var Magnorvidauge. Sørstrønen treng knapt legga til at Aspenes fekk kontrakten.

Varmetap og støy

Magnorviduet har ein unik aluminiumskonstruksjon, med treverk inst, for å halda på det lune preget, og med kompositt i mellom aluminium og treverk, for å bryta kuldebruaog isolera.

– Det er mange som leverer aluminiumdeksel til å klipsa på vindauga, vi bygger sjølve ramma i aluminium. Det er den største forskjellen, seier Sturle Sørstrønen.

Dei siste åra har nye krav til varmetap, mål i U-verdi, vore aktuelt tema i bransjen. Ifølgje Sørstrønen var det få som trudde at Magnorvinduet skulle klara noko særleg lågare enn kravet, som er på 1,2. I vinter lanserte dei passivhus-vindauget Magnor 0,7, med U-verdi på 0,66, eit av dei best varmeisolerte vindauga på marknaden.

– I vår klarte vi noko endå meir overraskande. Støy er ein form for forureining, og vi bestemte oss for å laga eit ekstremt støyreduserande vindauge, spesialtilpassa bygningar nær togbane, flyplass og liknande. I tillegg til gode testresultat på støy fekk Magnor Supersound ein U-verdi på utrulege 0,53.

Ei Os-bedrift?

Medan Lyssand Treindustri i 2007 blei overtatt av svenske Inwido sit barnebarnet til grunnleggaren Nils Lyssand, Ole-Vidar Skaathun, på eigarskapen av denne andre store og veksande vindauge- og dørfabrikk; H-vinduet Magnor.

– Sjølv om vi har fabrikk nokre hundre meter frå svenskegrensa og administrasjon i Fana føler eg at det er mykje Os i verksemda vår. Både eg som eigar og fem av ti tilsette på kontoret er frå Os. I tillegg engasjerer vi oss ein del i heimbygda, både profesjonelt og som sponsor, seier Skaathun.

Med vaflar frå mor

H-vinduet Magnor AS leiger kontorlokaler av foreldra til Ole-Vidar, vis a vis Fana kyrkje. Anne-Margrethe og Sveinung eig også nabobygningen, der dei sjølv har kontor.

– Mor kjem innom og lager lunsj til oss kvar dag. Om fredagen er det vaflar, så då sørgjer dei fleste for at dei ikkje er ute i felten, ler Ole-Vidar.
Samstundes er omsorg noko han ikkje spøker med.

– Sjølv om vi veks er vi meir opptatt av resultat enn av omsetnad. Men vegen til positivt resultat går via tilsette som liker seg på jobb, eit godt arbeidsmiljø og tilsette som støttar kvarandre har høgaste prioritet.

Også dei heime, som må tåla overtidsjobbing og reiser, får vera med på festen, anten julebordet blir halde i Praha eller i Riga.

– Det verkar kanskje som bagatellar på mange, men å inkludera ektefeller trur eg gjer det lettare og kjekkare å yta meir på jobb, seier Ole-Vidar Skaathun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.