Magnus Spangelo Haga (15) skåra to for Os 2

Leia 5-2. Så kom ein haug med kort og skåringar.

Magnus Spangelo Haga, her i seriestart for G19, skåra to mål på rad for Os 2 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2022 08:37

Os 2 starta serien borte mot Fana 2 i førre veke. Kaspar Klett Døsen sendte Os 2 i føringa, men Isak Østrem, som var på prøvespel for Os i vinter, putta to og Fana 2 vann til slutt 3-1.

I går var første heimekamp.

Os leia 1-1 og 3-1, og auka til 5-2 kort tid etter pause.

Gjestane reduserte to gongar. Så fekk ulike Os-spelarar til saman fem gule kort. Bergen Nord-spelaran fekk tre kort, inkludert eit raudt i 83. minutt.

Med éin mann mindre klarte gjestane å utlikna to minutt på overtod, og den målrike kampen enda med poengdeling.

Kaspar Klett Døsen skåra to, det same gjorde 15 år gamle Magnus Spangelo Haga.

Magnus har hospitert på A-laget ein del i vinter, imponerte i treningskamp mot Lysekloster og var i oppvarming heime mot Kjelsås 2 i helga. Han fyller 16 år i desember.

Os 2 - Bergen Nord 5-5 (4-2)
Målskårarar, Os 2:
Johannes Lie 1-0, Magnus Spangelo Haga 2-1 og 3-1, Kaspar Klett Døsen 4-2 og 5-2
Os 2: Anders Fossen Lunde - Kerem Duvarci, Torkel Hjertnes, Martin Lund Hunnes, Thomas Felix Færøvik - Johannes Lie, Vebjørn Fykse Haga, Sebastian Plätzer - Magnus Spangelo Haga, Marius Østgulen Hevrøy og Kaspar Klett Døsen
Innbytarar: Rafael Villen Villen, Vetle Brunborg, Jonathan Mjånes Lund, Benjamin Johansen Engevik, Elias Sørås Hjelle, Peter Øyvind Armstrong og Erik Lind Norvik.

Neste kamp går borte mot Arna-Bjørnar, så ventar Åsane 2 heime.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.