Bunadtradisjonane i Bjørnafjorden vart hylla på laurdag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Makalaus bonanza

Bildeserie: Smikkande fullt i Oseana på opninga av bunadutstillinga

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

På laurdag opna Bunadbonanza, ei utstilling som i 64 dagar skal feira bunadtradisjonane i Bjørnafjorden.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Fusa husflidslag, Os husflidslag, Oseana og Bjørnafjorden kommune, og skal stå fram til 5. januar 2020.

Gjennom utstillingsperioden vil det vera ei rekkje foredrag og demonstrasjonar publikum kan få med seg.

Malalaust syn

Ansvarleg for vêret på laurdag må vera bunadeigar sjølv; ein speilblank Bjørnafjord bada i sollys, og med Fusa som bakteppe. Sjølv Tiedeman kunne ikkje ha måla ei betre ramme for arrangementet. 

Etter at Os Spelemannslag hadde tonesett ein polonese med bunadkledde modellar frå resepsjonen og ned i Griegsamlinga, vart det raskt klart at det var minst dobbelt så stort oppmøte som det var sett fram stolar til. 

Direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg opna med å takka alle som har gjort sitt for at denne utstillinga vart så flott som den vart. Spesielt stolt var han av bilda frå husets eige samling som utgjer bakteppe for bunadsutstillinga. 

Historia vår

Leia av husflidsdamene Oli Lilletvedt og Torill Os Ådland gjekk gjekk det slag i slag med helsing frå ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg. Ho stilte sjølv i vinterbunad frå Hardanger,

Vidare fekk publikum foredraget «Frå Ous til Bjørnafjorden på 15 minutt», elegant levert av Ella Marie Brekke Vangsnes. 

Publikum fekk òg sjå nærare på dei ulike periodane bunadane frå Samnanger, Os og Fusa har vore gjennom, og dei fekk òg høyra om kor viktig arbeidet med å rekonstruera bunadar har vore. 

Opninga vart avslutta med dans og musikk - sjølvsagt i flotte bunadar. 

Fleire saker