Maktdemonstrasjon i Ølen

Os Skyttarlag held fram med å prega resultatlistene.

Adelheid Røttingen Møller frå Os Skyttarlag skaut imponerande godt under Hordastevnet i Ølen i helga. (Foto: Os Skyttarlag)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 17. juni 2019 12:55

Bildeserie:

Vinnarlaget, veteran. (Foto: Os Skyttarlag)
Maren Evensen (t.v) saman med Daniel Myklebust Fjellstad og Adelheid Røttingen Møller. (Foto: Os Skyttarlag)
Sofie Evensen (t.v), Adelheid Røttingen Møller og , Daniel Myklebust Fjellstad. (Foto: Os Skyttarlag)
Vinnarlaget, rekrutt. (Foto: Os Skyttarlag)
Vinnarlaget, veteran. (Foto: Os Skyttarlag)
Maren Evensen (t.v) saman med Daniel Myklebust Fjellstad og Adelheid Røttingen Møller. (Foto: Os Skyttarlag)
1 av 4
Maren Evensen (t.v) saman med Daniel Myklebust Fjellstad og Adelheid Røttingen Møller. (Foto: Os Skyttarlag)
Sofie Evensen (t.v), Adelheid Røttingen Møller og , Daniel Myklebust Fjellstad. (Foto: Os Skyttarlag)
Vinnarlaget, rekrutt. (Foto: Os Skyttarlag)
Vinnarlaget, veteran. (Foto: Os Skyttarlag)

I helga var det Hordastevne i Ølen.

Os Skyttarlag har allereie vist at dei er å rekna med, men i helga høyna dei innsatsen yttarlegare.

31 innarar frå Adelheid

I klassen «Eldre rekrutt 14-15» toppa Adelheid Røttingen Møller resultatlista med 350 poeng.

Jan Kristian Evensen frå Os Skyttarlag fortel litt om kva som faktisk ligg bak resultatet til Møller;

– Ho hadde ikkje berre 350 poeng, ho hadde heile 31 «innarar». Dette er eit område på 3 cm, og då treff ho dette frå 100 meter!

Evensen meiner at Møller no verkeleg har funne formen.

– Med Daniel Myklebust Fjellstad på tredjeplass med sine 350 poeng, men med «berre» 26 «innarar», og Maren Evensen på ein åttandeplass med 348 poeng må resultatet seiast å vera særs godkjend frå alle tre.

Små marginar for juniorane

I klassen «Junior 16-17» var Os Skyttarlag representert ved Sofie Evensen og Gaute Eide Bergstø.

Evensen henta heim tredjeplassen med 348 poeng, ironisk nok den same summen som som dei på første- og andreplass.

Evensen hadde 7 «innarar» mot dei to andre sine åtte, og ei omskyting måtte til for å få ein vinnar.

Bergstø plasserte seg fint på ein niandeplass med 342 poeng.

Ein 9’ar for mykje for Reidar

I klassen for dei eldste, V73, deltok Odd Gorm-Hansen og Reidar Dahle frå Os Skyttarlag.

– Dei er ikkje store gjengen, men dei er jaggu livlege, fortel Evensen.

– Dahle mangla ein 9’ar for å ta seg til finalen, men Gorm-Hansen skaut seg seg til andreplassen med sine 348 poeng.

I klassen V55 tok Arvid Austefjord tredjeplassen med 339 poeng.

Hevda seg seg blant dei beste

I klassen «3-5», altså kor du finn dei med høgast rangering, markerte Os Skyttarlag seg med Arild Røyseth sin tiande-plass og Aamalie Evensen sin sin 12.plass.

Røyseth skaut til 340 poeng og Evensen til 338 poeng. På plassen mellom dei to Os-skyttarene finn du faktisk tidlegare skyttarprinsesse Liv Sollesnes frå Jondal.

Toppa det heile med lagskytinga

Os Skyttarlag tok i same rennet sigrane i lagskyting, både for rekruttar og veteranar.

Adelheid Røttingen Møller, Daniel Myklebust Fjellstad og Sofie Evensen vann over åtte (!) andre lag, mens Reidar Dahle, Odd Gorm-Hansen og Arvid Austefjord sigra som lag i blant dei eldste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.