Sport | 10. juni 2012

Målfest og ekte hattrick

VIDEO: Midtstoppar og kaptein Stian Lunde skåra fire mål då Os knuste Kopervik heile 8-0. Her kan du sjå alle skåringane.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juni 2012 20:08

Os hadde sjanse til å klatra til toppen av tabellen igjen då dei tok imot Kopervik til 10. serierunde.

– Vi fekk sesongens første tap i førre runde (4-2 for Stord) og då er det berre éin ting å gjera, sørgja for å få ei god treningsveke og slå hardt tilbake i neste kamp, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Og Os slo hardt tilbake. Første mål kom etter 5 minutt, etter 12 minutt sto det 3-0 og etter 24 minutt leia Os heile 4-0.

– Eg hadde venta meir motstand enn dette, men samtidig var vi gode. Vi spelte praktisk talt ball i hatt med dei i 2 x 45 minutt, seier Sperrevik nøgd.

Kopervik hadde frå før fire sigrar, ein uavgjort og fire tap. Dei tapte berre 0-2 for Arna-Bjørnar og Sandnes Ulf 2 og har slått Stavanger 3-0. Men i dag hadde Kopervik lite å by på.

Os - Kopervik 8-0 (4-0)
Målskårarar, Os: 1-0 Christer Olsen (5.), 2-0 Erik Kanestrøm (9.), 3-0 Fredrik Heggland (12.), 4-0 (Stian Lunde 24.), 5-0 (Ramo Racic (54.), 6-0, 7-0 og 8-0 Stian Lunde (59, 63 og 89. minutt).

SJÅ VIDEO AV ALLE SKÅRINGANE
NEDST I ARTIKKELEN

Om første omgang hadde fire ulike målskårarar, og spelet fungerte bra, er det likevel naturleg å trekka fram éin mann:

– Når du skårer fire mål i éin kamp, som midtstoppar, så er det spesielt, seier Tim om kaptein Stian Lunde.

Eitt mål i første omgang og tre på rad etter Ramo si 5-0-skåring tidleg i andre omgang gjer at Lunde sitt hattrick var av typen ekte.

– Han har fylt 30 år, men er kanskje ikkje over toppen?

– Stian kan vi ha glede og nytte av i mange år enno. Han er eit godt forbilde med 100 prosent innsats på trening og i kamp, han er på alle måtar den beste kapteinen vi kunne hatt, seier trenaren og den tidlegare lagkameraten.

Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Vegard Engelsen Moberg - Fredrik Heggland, Tore Valvik, Simen Lassen, Erik Kanestrøm - Preben Borgen - Christer Olsen.

Innbytarar med speletid: Tor Erik Kjosås Berge, Ramo Racic og Glenn Krossøy.

Os speler neste kamp borte mot tabelltrear Sandnes Ulf 2. Neste heimekamp går mot Tertnes laurdag 23. juni (kl 16).

Sjå tabell

VIDEO (01:51): Her er alle skåringane i dagens kamp. 1-0 Christer Olsen (5.), 2-0 Erik Kanestrøm (9.), 3-0 Fredrik Heggland (12.), 4-0 (Stian Lunde 24.), 5-0 (Ramo Racic (54.), 6-0, 7-0 og 8-0 Stian Lunde (59, 63 og 89. minutt). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.