Malin Solstrand Ludvigsen, her i NM-kamp mot Arna-Bjørnar tidlegare i mars. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Malin tatt ut til fire kampar med kretslaget

Malin Solstrand Ludvigsen del av troppen til turnering i Stavanger.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag morgon reiser 17 spelarar frå Hordaland til turneringshelg på Randaberg Arena i Stavanger for jenter 16 (jenter fødd i 2003).

Ein av dei 17 spelarane frå Hordaland er Malin Solstrand Ludvigsen frå Nore Neset/Os.

Hordaland skal spela i alt fire kampar frå fredag til søndag.

Motstandarane er kretslaget til Rogaland, Akershus, Oslo og Trøndelag.

• Sjå heile troppen på fotball.no

Malin var yngste av tre jenter frå Os på landsdelssamling i mars 2017, og er del av Nore Neset/Os-laget som i fjor tok 2. plass i Norway Cup og blei kretsmeisterar i 1. divisjon i Hordaland.

Fleire saker