Os Fotball A-lag | 08. okt. 2022

Målkalas på bortebane

Os knuste Skeid 2.

Målkalas på bortebane
Førre helg blei det to mål på Sperrevik, i dag skåra han hattrick. (Foto: Lesarbilde frå dagens kamp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. okt. 2022 12:52

Etter ein fin 6-3-siger over Lokomotiv Oslo førre helg, i ein hektisk heimekamp, blei det mindre spennande for Os borte mot Skeid 2 i dag.

Os leia 1-2 til pause og vann heile 2-8.

Thomas Spilde gav Os 0-1-leiing før Henrik Sperrevik auka til 1-2 og 1-3.

Med 2-5-skåring blei det hattrick på Henrik.

Niklas Fosen og Kristian Halvorsen skåra to kvar.

I ruta over ser du den eine skåringa av Halvorsen.

– Det blei ein kjekk kamp med mykje fin angrepsfotball, seier trenar Endre Brenne.

– Kampen levde til vi sette 2-4, derfrå gjekk Skeid litt i oppløysing.

Os speler neste kamp heime mot Fyllingsdalen søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.