Kultur | 10. nov. 2011

Målpris til The Lindborgs

– Det er mykje musikk i nynorsk – også rock n’ roll!

Målpris til The Lindborgs
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2011 22:28

Rock N LoL-arrangørane William og Andreas Lindborg fekk årets målpris. Dei to trudde dei var på veg til eit intervju med ein frilansjournalist i gågata i Bergen då dei i staden fekk servert pris til frukost.

– Verken eg eller William, som avtalte intervjuet medan han var i Syden, skjønte kva vi skulle, så vi blei veldig overraska! fortel Andreas.

– Det blei litt full fart, for dette var i lunsjen min på jobb. Men det var ei veldig kjekk stund med dei to prisvinnarane, seier Marie Hauge frå Os Mållag.

Os Mållag sin målpris 2011, grunngjeving:

På nokre år har brørne Andreas og William Lindborg skapt ein robust og omtykt festival nett utanfor stovedøra si. Heile vegen har dei nytta nynorsk i marknadsføringa av Rock n’ LOL. Plakatar, heimesider og anna informasjonsmateriell er skrive på eit levande og leikande språk, som viser at det mykje musikk i nynorsk – også rock n’ roll. Brørne Lindborg er viktige førebilete for ungdom i Os med det dei har fått til på Søfteland. At dei i tillegg kommuniserer lett og naturleg på nynorsk sender eit viktig signal om at nynorsk duger – også som festivalspråk.

Os' Beste før Bergens Beste

Marie Hauge legg til prisvinnarane var valt ut før dei to fekk BT-prisen Bergens Beste Festival.

– Det tok berre litt tid å få overrekt prisen, seier Hauge.

Mållaget plar dela den ut rundt same tid som magasinet Osingen kjem ut. Årets Osingen blei lansert på bokkveld i Solbakkestova torsdag kveld.

– Heilt naturleg

Hauge seier ho ut frå dagens samtale ser at det er tydeleg at prismottakarane har eit bevisst forhold til bruk av nynorsk, og at dette fell naturleg for dei to.

– Det har aldri vore sånn at vi har diskutert om vi skal skriva nynorsk. Vi har hatt nynorsk på skulen og har halde fram med å bruka den målforma.

– Men vi har tidlegare fått skryt av ho som var norsklæraren vår, Marianne Vangsnesfor at vi bruker nynorsk, så vi gler oss til å visa ho prisen, ler Andreas.

Fekk pengar til skrivekurs

Saman med diplom og blomar (som blir dei første i husværet til Andreas) fekk prismottakarane 5000 kroner som skal brukast til å halda kurs i å skriva låtar på norsk, helst på dialekt.

– Dette var veldig spennande, og noko vi ser for oss at vi kan gjera mykje ut av. I Os har vi både musikkbingar og studioet i allakten, kanskje kan eit skrivekurs resultera i innspelte låter rimeleg raskt, seier Lindborg, og lover å koma tilbake til oss når meir om kurset er bestemt.

Midtsiden samleside: Alt om Søfteland Rock N LoL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.