Lokal | 04. mars 2014

– Mange favorittar

Kantina i Os ungdomskule er godt etablert. Ved årsskiftet fekk dei sin første konkrete peikepinn, blei det fleire eller færre som ville ha lunsjavtale?

– Mange favorittar
Teamet på kjøkkenet. F.v.: Vida Paliutiene, Turid Leikvoll Hjelle, Morten Søvik, Juan Antonio G-Alfheim, Nikita Sudmann Viken og Tiril S. Haaland. (foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtysdag 04. mars 2014 21:30

Bildeserie:

Dagleg leiar Turid Leikvoll Hjelle (foto: KMAL)
Dagleg leiar Turid Leikvoll Hjelle (foto: KMAL)
Menyen tysdag (foto: KMAL)
Menyen tysdag (foto: KMAL)
Marielle Engelsen og June Heggland har laks som ein av favorittrettane i kantina. (foto: KMAL))
Marielle Engelsen og June Heggland har laks som ein av favorittrettane i kantina. (foto: KMAL))
Nikita og Tiril har full kontroll bak kassaapparatet (foto: KMAL)
Nikita og Tiril har full kontroll bak kassaapparatet (foto: KMAL)
Kantina har blitt ein møteplass for elevane (foto: KMAL)
Kantina har blitt ein møteplass for elevane (foto: KMAL)
Rektor Kåre Lutro er stolt av den nye kantina (foto: KMAL)
Rektor Kåre Lutro er stolt av den nye kantina (foto: KMAL)
1 av 6

Då første del av rehabiliteringa av Os ungdomskule sto klar før skulestart i haust var det også med ei heilt ny innreiing og teneste; kantine.

Der kan elevane få servert lunsj kvar dag, både varm og kald mat står på menyen.

- Elevane kan kjøpa seg eit halvårsabonnement om dei ønskjer å få lunsj på skulen, fortel dagleg leiar ved kantina Turid Leikvoll Hjelle.

I tillegg er det sal av blant anna baguettar, yoghurt og drikke for dei som ønskjer det.

Dei som ikkje har fast lunsjavtale kan bestilla enkelte dagar. Når menyen for dei neste dagane blir lagt fram er det fleire av dei utan avtale som bestiller.

– Spesielt dei dagane det er taco på planen, då er det gjerne 50 ekstra til lunsj.

Elevar hjelper til

Turid er einaste faste tilsette ved kantina, men med seg har ho fem elevar som arbeider kvar sin vekedag i eit halvt år, og etter jul har ho fått med seg Vida Paliutiene tre dagar i veka.

– Elevane har søkt om å få arbeid her og bruker ein time før, under og etter lunsj på arbeidet.

To av elevane i kantina er Nikita Sudmann Viken og Tiril S. Haaland, begge frå klasse 9 E.

– Eg søkte på jobb her fordi det verka veldig gøy og så er det kjekt av vi får attest når vi er ferdig, seier Tiril.

– Folk er veldig hyggelege og vi har lært masse av å vera her, fortel Nikita, som også jobba i kantina i haust.

Nikita har merka stor utvikling i kantinelivet sidan starten i haust.

– Elevane rota ein del i starten, men no har eg ikkje rydda eit eineste fat sidan før jul, så det har vore stor framgang.

Variert meny

Då Midtsiden besøkte ungdomsskulen var det laks som sto på menyen.

– Eg prøver å få inn eitt fiskemåltid i veka, men det er ikkje alltid så lett, sidan det er dyrt med fisk, seier Turid.

Budsjettet seier 20 kroner dagen per elev, så det skal ein del planlegging til for å få økonomien til å gå i balanse.

– Men eg har ein del erfaring frå tidlegare, så det har gått fint.

Turid har dei siste åra vore eigar av Fisketorget Os, som ho selte i haust. Også før ho starta Fisketorget jobba ho med mat.

60 fleire etter nyttår

Det fyller seg raskt opp med elevar når det ringer ut til storefri. Blant 420 elevar så er det 200 som har bestilt lunsjabonementet i vår.

– I haust var det 140 faste brukarar av kantinetenesta. Det er kjekt å sjå at mange held fram og at nye kjem til.

To av elevane som får lunsjen servert kvar dag er Marielle Engelsen og June Heggland. Dei er veldig nøgde med tilbodet.

– Maten er som oftast kjempegod og eg liker at eg har fått betre tid på morgonen, når eg no ikkje lenger må å laga matpakke kvar dag, seier Marielle.

Favorittane til Marielle og June er taco og laks.

– Tacoen er veldig populær, det er også pizzabaguettane og kyllingwraps, fortel Turid.

– Takka vera Turid

Rektor ved Os ungdomskule, Kåre Lutro, er ikkje mindre nøgd enn elevane med det nye kantinetilbodet.

– Då vi starta planlegginga av rehabiliteringa av skulen så høyrde vi med både elevar, foreldre og tilsette om kva ønskje dei hadde.

– Noko som gjekk igjen blant alle var at dei ønska ei kantine på skulen, og det fekk vi til.

– Kantina har no blitt den viktigaste møtestaden for elevane i friminutta, fortel Lutro.

På førehand har dei brukt mykje tid på å setja saman menyen for elevane, maten skulle vera sunn og god.

– Oppstarten og vidare drift av kantina har gått knirkefritt, og det er takka vera Turid, den beste kjøkkensjefen vi kunne ha fått, rosar Lutro.

– Ho er strategisk, dyktig og veldig flink med ungdomane. Elevane har respekt for Turid samtidig som dei er glade i ho.

Meir utstyr

Budsjettet for hausten gjekk i balanse, faktisk med eit lite overskot så kjøkkenet no kan bli utstyrt med ein koketopp for store gryter.

– Og så kjem det snart opp fire mikrobølgeomnar, så dei som har med seg mat heimefrå kan varma den i kantina.

Lutro merkar at elevmiljøet har hatt godt av den nye kantina, det har blitt meir ro blant elevane og kantina har blitt eit møtepunkt på skulen.

– Vi hadde ingen mål då vi starta opp, så at det har gått så bra er heilt fantastisk.

– Kantina er blitt hjarta på skulen vår, avsluttar ein glad rektor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.