Lokal | 21. okt. 2011

Mange gjekk Strønemarsjen

Fredag var det tid for Strønemarsjen 2011, som i år støttar TV-aksjonen «Vi rydder for livet».

Mange gjekk Strønemarsjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2011 15:41

Tekst og foto: Joakim, Haakon, Heine og Charlotte, elevar i 7. klasse ved Nore Øyane skule.

Kvart år har vi på Nore Øyane skule en skulemarsj hvor vi sender pengane til et veldedig formål. I år går pengane til TV-aksjonen Vi rydder for livet.

Vi rydder for livet er ein aksjon der det blir fjerna miner og klasebomber i land der det har vore krig. Denne marsjen er i år på fredag den 20/10 2011. Vi begynner marsjen på skulen. Dei som vil vere med gir sine bidrag og får så startnummer.

Marsjen går rundt Strøno og både små og store er med.

Marsj og kafé

Vi har éin veg for barnehagen og éin veg til skuleelevane. Etter marsjen er det kafé på skulen, også der går omsetnaden til aksjonen.

I år er det 6.klasse som sto for kafeen.

Tord og Mathilda vann

Etter at vi hadde kost oss med litt mat og drikke var det på tide med dei årlege utdelingane av pokaler. Vi har pokalar frå trekning på startnumra.

Vinnarane av årets trekning blei Tord i 1. klasse og Mathilda i 2. klasse.

63 ungar i marsj

I fjor gjekk pengane til tv-aksjonen Flyktningshjelpen og vi fekk inn over 8000 kroner.

I år var det 63 ungar som deltok.

Foreldre og besteforeldre var også med, så til saman var det endå fleire. Det var mykje regn, men alle hadde godt humør.

Vi fekk inn 5985 kroner utanom kafé-pengane. I år kosta kaffi, kaker, muffins og saft 5 kroner.

Vi fekk inn 2507 kroner i kafeen, så til saman fekk vi inn 8492 kroner!

Tusen takk til alle som var med!
Helsing elevane i 7. klasse


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.