– Mange har vanskar med å sjekka røykvarslarane sjølv
Lyden som reddar liv: I morgon er røykvarslardagen. Har du nokon du bør hjelpa?


Måndag 1. desember er Røykvarslardagen. Då er det tid for å testa røykvarslarane og byta batteri, eller skifta heile varslaren, ved behov.
– Dette er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier leiar for brannførebyggjande avdeling, Arne Rødberg, i Bjørnafjorden brann og redning.
Slik sjekkar du røykvarslaren din:
1. Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Om han ikkje fungerer må du byta batteri eller kjøpa ein ny røykvarslar.
2. Sjekk om røykvarslarlyden høyrest tydeleg i opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
3. Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar bør dei vera seriekopla.
– Du bør bruka seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Dette kan gi deg og familien din verdifull tid til å komma deg unna seier Rødberg.
Heim frå reise?
Røykvarslarar bør testast éin gong per månad og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuga den jamleg. Det bidreg til at den held seg betre.
Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta, batteriet kan ha gått tomt medan du var borte og du vil derfor ikkje få varsel om at det bør bytast.
– Hjelpt dine nærmaste
Brannstatistikken viser at nokre delar av befolkninga er meir utsette og sårbare om ein brann hender. Det gjeld mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
– Mange har vanskar med å sjekka røykvarslarane sjølv. Vi oppmodar derfor alle til å sikra at dine næraste har røykvarslar som fungerer, seier Rødberg.
Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år.
Det er Brannvernforeningen, DSB, og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsynet) som bidreg til å setja fokus på denne viktige bodskapen.
- På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken i heimen.





