Kultur | 26. nov. 2013

Mange stemte på Neoplasma

Laurdag var rockebandet Neoplasma frå Os i Bergens-finale i musikkfestivalen Emergenza.

Mange stemte på Neoplasma
Delar av Neoplasma, her på Søfteland Rock N LOL i 2011. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. nov. 2013 14:39

Neoplasma, som består av Patrick Gaassand (vokal), Christer Havsgård (gitar), Martin Aarland (gitar), Jørgen Omre Larsen (bass) og Ivan Rolstad (trommer), tok seg etter to innleiande rundar til finale i årets Emergenza i Bergen.

Laurdag gjekk dei som første finalist ut på scenen på USF Verftet.

– Eg er imponert over at så mange dukka opp og støtta oss klokka halv sju om kvelden, seier gitarist Christer Havsgård.

Bandet fekk nok stemmer til å ta seg til siste runde i finalen, der juryen avgjorde plassering.

Neoplasma enda på ein delt 4. plass.

– Takk til alle som stemte på oss, seier Christer.

– No blir det full fokus på innspeling av ny plate framover.

Kven som vann er for Midtsiden uvisst. Emergenza har tysdag ikkje oppdatert verken heimeside eller facebookside etter finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.