Lokal | 27. nov. 2009
Mange syndarar
UP straffa i dag 21 bilistar på to timar.


Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2009 12:22
Fredag formiddag hadde utrykkingspolitiet åtferd- og vernekontroll i Os.
- Vi plasserte ein kontrollpost ved Uno X og tok inn bilane ved Ulvenskiftet. Det fungerte godt, då fekk vi sjekka mange bilar i retning nord, seier Trond Valvik frå UP.
Frå cirka 9.30 til 11.30 var det også mange syndarar i finna på E39.
- 11 fekk forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobil, 10 fekk gebyr fordi dei ikkje brukte belte. Dette er ganske høge tal, seier Valvik.