Kultur | 05. des. 2012

Mange vil bli Oseana-sjef

Kim Kristoffersen skal erstattast. Lista over søkjarar på direktørstillinga i Oseana er nesten dobbelt så lang som i 2010.

Terje Søviknes (t.h.) på middag under opninga av Oseana i juni 2011. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. des. 2012 14:23

I oktober blei det kjent at Kim Kristoffersen har sagt seg opp som direktør i Oseana. Kristoffersen byrjar i jobb for Bergen Live 1. januar 2013 og jakta på ny direktør er godt i gang.

– Vi har kjørt to løp der vi både har lyst ut stillinga og gått direkte på kandidatar vi på førehand har sett på som aktuelle og tatt direkte kontakt, fortel ordførar og styreleiar i Oseana KF, Terje Søviknes.

Til saman sit Oseana og Headvisor, som er hyra inn for å delta i prosessen, på rundt 40 kandidatar.

– Her har vi mange å velja mellom og fleire gode kandidatar.

Då Os kommune i 2010 søkte etter Oseana sin første direktør kom det inn 23 søknadar på stillinga.

Les òg: Desse vil bli direktør

– Blir namna på søkjarane gjort offentlege denne gongen også?

– Ja, på eit eller anna tidspunkt må vi nok ut med søkjarane. Denne gong er det truleg færre som får stå anonymt, her skal krava etter det eg kjenner til vera skjerpa, seier Søviknes.

– Men det blir nok på førehand gjort ei vurdering av kven som er mest aktuelle, og dei som får signal om at dei ikkje er med i vidare vurdering kan koma til å trekka søknaden sin før tida for offentleggjering er inne.

Søviknes vil ikkje ut med detaljar om kvar dei er i prosessen, men han fortel at det blir tett med intervju dei neste vekene i håp om å få avtale med ny direktør før nyttår for start så tidleg som mogleg i 2013.

– Kvar kjem søkjarane frå?

– Dei fleste er frå Os eller Bergen, men dei er godt spreidd geografisk. Vi har også søkjarar frå nord og aust i landet.

– Har nokon av dei tilsette ved Oseana søkt på stillinga, eller nokon av dei som søkte i 2010?

– Ingen av dei tilsette har søkt på direktørstillinga og så vidt eg ser, med eit kjapt augekast på lista frå 2010, har vi ingen av dei same namna blant dei rundt 40 vi har i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.