Mangfaldig moteshow
Bildeserie: Sjå tilsette og familie frå Kysthospitalet visa sommarens mote under Osdagane.
Bildeserie:
Det var godt med folk og god stemning då butikkane i sentrum inviterte til moteshow laurdag under Osdagane.
Nytt i år var at modellane var skifta ut. I staden for at dei tilsette i butikkane hadde fått med seg vener for å vise motene stilte 125-årsjubilanten Kysthospitalet opp med tilsette og familiane deira for å vise siste skrik.
For å vera heilt ærleg, så var det befriande å sjå nye fjes som viste kva butikkane i sentrum har å by på.
Kjekt var det også å sjå det mangfoldet som no etterkvart har kome på klesfronten i sentrum. Her var det noko for alle aldrar, frå den lille jenta på tre år til bestemor i ein adskillig høgre alder.
Alle var kanskje ikkje like komfortable på catwalken, men dei baud på seg sjølv og tok det heile med eit smil i sommarvarmen.
– Eg er veldig nøgd. Dei var flinke og sporty, oppsummerte sentrumsleiar William Lindborg etter visninga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.