Lokal | 22. okt. 2019

Manglande kumlokk fekk vegvesenet til å reagera

Har smalna inn vegen og sett ned fartsgrensa etter at bilist nesten fekk eit hjul ned i holet.

Manglande kumlokk fekk vegvesenet til å reagera
Fartsgrensa blei nyleg redusert frå 80 km/t til 30 km/t på E39 forbi Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 22. okt. 2019 09:36

Bildeserie:

Årsaka er at eit lokk mangla på den eine kummen fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Årsaka er at eit lokk mangla på den eine kummen fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegen er smalna inn fram til vegvesenet finn ut kva som er årsaka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegen er smalna inn fram til vegvesenet finn ut kva som er årsaka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

I helga blei fartsgrensa på E39 inn mot rundkøyringa ved Svegatjørn redusert frå 80 km/t til 30 km/t.

Det er arbeid og justeringar i området, i samband med bygging av ny E39 frå Svegatjørn til Rådal, men insmalning av vegen og reduksjonen av fartsgrense er ikkje del av planlagt arbeid.

– Eg rakk så vidt kasta bilen til sida, så eg ikkje fekk hjulet i holet, fortel ein bilist som har kontakta Midtsiden-redaksjonen.

– Først la eg merke til ein flatkøyrd refleksmarkør, så såg eg at kumlokket rett og slett var vekke.

Nestenuhellet skjedde fredag. Han køyrde direkte til Veidekke og Statens vegvesen sitt prosjektkontor i Ulvenparken for å informera, og dei tok tak i saka med éin gong.

Veit ikkje kva som har skjedd

Delprosjektleiar Kari Bremnes hos Statens vegvesen seier det er uvisst kva som skjer, og at det no pågår grundige undersøkingar av kummane i området.

– Ein annan bilist skal ha stoppa, funne kumlokket og lagt det på igjen. Men vi må veta kvifor det gjekk av før vi kan sleppa trafikk over lokket igjen.

Det er rundt eit halvt år sidan vegvesenet sleppte trafikk ut på denne delen av køyrebanen.

– Det er fleire kummar på dette vegstrekket, og dei skal ikkje flyttast. Dei skal tola trafikken, og det har dei gjort i eit halvt år. Inntil vi veit kva som har skjedd blir det smal veg og 30-sone i området.

I rute

Bremnes fortel at arbeidet med det store vegprosjektet elles går etter planen fram mot opning sommaren 2022.

Veidekke er ferdig med sin rekordstore kontrakt allereie til sommaren 2020, men så gjenstår det to år med blant anna elektroinstallasjonar.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.