Lokal | 14. sep. 2017

Manglar 230 P-plassar

Derfor vil kommunen bygga parkeringshus på Circle K-tomta - mens Nøttseter vil ha utgreiing i fjell.

Manglar 230 P-plassar
Formannskapet fekk onsdag sjå dei første teikningane på mogleg nytt parkeringshus på Circle K-tomta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. sep. 2017 11:12

Då formannskapet onsdag skulle si ja til å innføra nytt parkeringsregime på Osøyro, fekk dei også ein informasjon om status for eit parkeringshus i sentrum.

– Talet på parkeringsplassar i sentrum er estimert til omlag 1033 i dag. Med det vi veit kjem av nybygg og prosjekt no, så vil vi trenga 1498 parkeringsplasser. Det gjer at vi har ein manko på 236 plasser, innleia næringssjef Daniel Skotheim.

I tillegg ligg det planar om å gjera om parkeringa framfor rådhuset til park.

– Då vil vi få ein reduksjon på 360 plassar der. Eit forsiktig estimat gir ein mangel på mellom 600 og 800 p-plassar i løpet av dei kommande fem åra.

Har flytta P-hus

Adhoc-utvalet som opprinneleg blei sett ned for å sjå på bygging og drift av eit p-hus over kollektivterminalen har fått endra og utvida mandatet og foreslo i møtet å byggja p-anlegg på Circle K-tomta og delar av Stegen 4 (Gamle Brannstasjonen).

– Vi foreslår å flytta parkeringanlegget frå kollektivtomta til andre sida av vegen. Dagens bensinstasjon flytter ut våren 2018. Der ser vi for oss å starta med eit parkeringshus i trinn 1, men byggje det på ein slik måte at vi seinare kan gå inn i fjellet bak, og kanskje konvertera huset til kontorer eller butikker.

Meinte fjellhall ikkje var utgreidd

Nils-Anders Nøttseter (MDG), som sit i adhoc-utvalet, var ikkje helit nøgd med tilrådinga dei sjølv hadde kome med.

– Eg er ikkje heilt tilfreds med dei to siste avsnitta om p-anlegg. Eg meiner vi må ha litt meir data på fjellanlegget først. Det er veldig interessant å gå rett i fjell i i staden for P-hus. Då kan vi knytta området ved Oseana og hotelltomta saman med sentrum. Eg er ikkje heilt tilfreds med utgreiinga vi har gjort i utvalet. Kostnadsanalysen er ikkje grundig og det er ikkje laga noko meir skisser på fjellanlegget, kommenterte Nøttseter.

Fjellanlegg utgreidd i samband med OHARA

Prosjektsjef Halvor Hanevik svara at det var utgreidd.

– I samband med OHARA og tidleg plasseringa så blei dette vurdert (sjå lenke nedanfor, journ.mrk). Det er kanskje ikkje kommunisert nok ut, men fjellanlegg er veldig mykje meir kostbart enn eit parkeringshus. Det er eit ønskje om å få tidleg avklart parkeringssituasjonen. Difor tilrår vi bygging av parkeringshus.

Les òg: P-anlegg i Mobergshaugen? (med teikningar)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.