Lokal | 09. mai 2018

Manglar 9 millionar til ny båt

KODE-direktør Petter Snare på friarferd til kommunen for å finansiera ny båt til Lysøen.

Manglar 9 millionar til ny båt
Slik ser nye M/S Ole Bull ut. Framleis manglar KODE 9 millionar på å få den fullfinansiert (Ill: YSA Design)
Andris Hamreonsdag 09. mai 2018 07:49

I september 2016 møtte dåverande kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) representantar frå kommunen og KODE på Buena kai for å sleppe nyheiten om at regjeringa gjekk inn med 15 millionar kroner som delfinansiering av ny båt til Museet Lysøen.

– Vi har no teikna ferdig båten og fått anbod på ein båt som er heilelektrisk. Den er tilpassa dagens behov og blir i seg sjølv ein attraksjon. den vil ta 50 passasjerer og blir sjølvsagt universelt utforma slik at vi kan få over rullestolbrukarar, barnevogner og fleire som ønskjer å nytta dei flotte naturområda på Lysøen, fortalde Petter Snare då han vitja formannskapet tysdag ettermiddag.

Kan vera klar til neste sesong

Busjettet for båten, inkludert brygge, kai og strauminstallasjonar er omlag 29 millionar kroner.

– Vi har fått 15 millionar frå staten, gåveforsterkingsmidler og fleire private sponsorar, mellom anna DNV/GL som har prosjektert og kvalitetssikra det heile, men vi manglar framleis omlag 9 millionar for å ha det fullfinansiert.

– Vi hadde ei offentleg anbodsrunde som blei avslutta i mars. Får vi det i hamn, så kan vi få byggjestart i oktober og den nye båten kan vera klar til neste sesong. Det vil komma eit brev i neste uke der vi ber om ein delrestfinansiering frå kommunen. Eg håper de vil sjå med velvilje på det. Den nye båten vil bli eit viktig tilskot også for Os, både for lokalbefolkinga og turistnæringa. I tillegg vil den sikra ein hensiktsmessig beredskap med ein evakueringskapasitet frå Lysøen som er høgre enn dei 50 passasjerane den skal ta i normal drift, forklarte Snare.

Køyrer på disp

Snare understreka at Lysøen er eitt av dei viktigste historiske bygga i Noreg og at dei bruker mykje ressursar på å halde huset og øya i stand.

– Vi har i dag M/S Ole Bull frå 1952 som går att og fram. Det er ein ombygd trålar som vi får år til år godkjenning på. Einaste grunnen til at vi får det er at vi krisemaksimerer kvart år. Om vi ikkje får nytta den, så er det ingen som kjem seg over til øya. I tillegg har den låg kapasitet med berre 33 passasjerer og den kan ikkje tilby transport for rullestolbrukarar.

Kan nyttast i anna turistnæringa

Nye M/S Ole Bull vil også kunne nyttast til anna trafikk når den ikkje går mellom Lysøen og Buena.

– Båten vil bli bygd slik at den er mogleg å nytta for næringslivet lokalt i anna turistverksemd når den ikkje går fram og tilbake. Den blir kun driven med batteridrift, men med så store batterier at den kan gå dei stedene den skal for å fungere i turistvirke. Den vil også gå fort nok til at den blir brukanes til fleire aktiviteter og det vil bli moglegheit for bevertning ombord, forklarte Snare som ikkje fekk løfter om midler i formannskapet, men positive signal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.