Mann (38) funnen død i vegen

– Kva som har skjedd er uklart.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. okt. 2021 12:08

Klokka 06.36 fekk operasjonssentralen melding om ein livlaus person som låg i vegen i Skeisstøa.

– Politi og ambulanse rykte ut til staden. Det blei utført førstehjelp, men livet sto ikkje til å redda, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Vedkomande er ein 38 år gamal mann.

Han blei erklært død på staden. Pårørande er varsla.

– Rett ved mannen sto ein lastebil som vi meiner avdøydde har hatt tilknyting til. Kva som har skjedd er uklart, og saka blir etterforska vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.