Politi | 23. jan. 2023

Mann gjekk seg vill i Osmarka

Brukte drone i søk etter mann.

Hesteløypa i Osmarka. (Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. jan. 2023 09:02

Klokka 02.26 natt til laurdag blei politiet kontakta av ein mann som hadde gått seg vill.

Han skulle ta ein snarveg heim frå Os sentrum via hesteløypa i Osmarka, men fann ikkje fram.

– Ved hjelp av nødlokalisasjon, lokalkunnskap frå mannskapen og politiet sin drone blei mannen funne, opplyste Vest politidistrikt via Twitter i helga.

Mannen, som er i 30-åra, var nedkjølt, men ikkje så alvorleg at det var behov for helsesjekk.

– Vi hadde kontakt med vedkomande på telefon. Utan denne, om han hadde gått tom for straum, kunne det nok blitt ein større leiteaksjon, fortel politioverbetjent Anne Lyssand måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.