Lokal | 29. sep. 2019

Mann i 50-åra tatt for urinering

Blei vist vekk frå Os sentrum natt til søndag.

Mann i 50-åra tatt for urinering
Os sentrum natt til søndag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. sep. 2019 12:00

I 2-tida natt til søndag blei ein mann i 50-åra tatt for urinering på offentleg stad.

– Vedkomande fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, og å halda seg vekke resten av natta, opplyser vakthavande ved Os lensmannskontor.

Han retta seg etter pålegget, men blir meldt. Han kan truleg venta seg eit forelegg på 4000-5000 kroner.

Fann narkotika

Litt før klokka 23 laurdag kveld blei ein mann kontrollert litt nord for Os sentrum.

Det blei funne mindre mengder narkotika på vedkomande, som er i 40-åra, og litt meir på ransaking av bustad i etterkant.

Tidlegare på dagen laurdag hadde politiet promillekontroll på Nore Neset.

42 bilistar blei kontrollerte frå klokka 10.15 om formiddagen, alle var edrue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.