Mann i 60-åra mista lappen etter bilulykke

... og ein mann i 30-åra starta året med å urinera seg til ei bot.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Om det var fart i utelivet eller ikkje, første fredagen etter ein lang juleferie, er ikkje kommentert i politiet sin logg, men patruljen i sentrum møtte minst éin festgjengar natt til laurdag.

Klokka 01.50 blei ein mann i 30-åra tatt for urinering på offentleg stad, opplyser vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.

Vedkomande kan venta seg ei bot på minst 4000 kroner.

Førarkortbeslag etter trafikkulykke på Gudriflaten

Fredag formiddag, litt over klokka 9, fekk politiet melding om ei trafikkulykke på eller ved Gudriflaten.

– Det står ikkje notert om det var på Byvegen, i krysset eller inne på parkeringsplass eller bustadfelt.

Det var to bilar involvert. Politiet tok beslag i førarkortet til éin av bilførarane, ein mann i 60-åra.

Éin person var til legevakt for sjekk etter ulykka.

Lastebil køyrde seg fast på Ole Bulls veg

I 03.30-tida i natt fekk politiet melding om ein lastebil som hadde køyrd seg fast på Ole Bulls veg i Søvikåsen.

– Bergingsbil var på veg og vi skulle på eit anna oppdrag, men det er mogleg at saka blir følgd opp seinare.

Det er ikkje lov å køyra bil med aksellast på meir enn 3 tonn på vegen. Minst to gongar i desember var det andre lastebilsjåførar som trassa skiltet og køyrde seg fast på den smale, svingete vegen.

Rykte ut på bråk i bustad

Litt over midnatt fekk politiet melding om krangling og slåsting internt i ein familie.

Politiet rykte ut, men då var det roleg på staden og ingen var skadd. Det blir heller ikkje oppretta sak.

 

Fleire saker