Lokal | 19. feb. 2020

Mann i 70-åra dømt for køyring med 1,9 i promille

Køyrde vinglete og parkerte i ein busk.

Mann i 70-åra dømt for køyring med 1,9 i promille
Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. feb. 2020 09:30

Ein søndagsmorgon i september i fjor fekk politiet melding om vinglete køyring mellom to krinsar i Os.

Politiet fann bilen, parkert i nokre buskar, etter ein køyretur på rundt 15 kilometer.

Bilførar var full, og forklarte at han ikkje hadde drukke etter at han hadde parkert. Blodprøvar tatt cirka 1,5 og 2 timar etter køyring viser 1,91 og 1,79 promille, altså nedgåande.

Retten fann det bevist at sikta hadde køyrd bil med over 1,2, og minst 1,9, i promille.

Sikta, ein mann i 70-åra, møtte i retten og tilsto.

Dømt til fengsel

Retten la i skjerpande retning vekt på at sikta hadde vore synleg full mens han køyrde bil, sidan køyringa var vinglete og parkeringa var inn i nokre buskar.

Vidare var det skjerpande at køyringa hadde vore over ein rimeleg lang avstand, men alvoret var noko moderert då dette var ein søndag morgon med lite trafikk på vegen.

Utan tilståing ville 30 dagar fengsel vore passande, men sikta fekk noko rabatt.

Han blei dømt til 24 dagar fengsel og 25.000 kroner i bot. Han taper også retten til å køyra bil i to år, og må avlegga full ny førarprøve før han eventuelt kan setja seg bak rattet igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.