Mann i 70-åra stoppa med lågpromille

Politiet har oppretta sak.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. apr. 2021 09:28

Torsdag i 11.30-tida blei ein bilist stoppa i Os sentrum.

– Det blei tatt promilletest på staden, og den gav utslag på lågpromille, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar, ein mann i 70-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve. Politiet har oppretta sak og held fram etterforskinga når resultat av denne er klart.

Båt på rek tatt til land av brannvesenet

Klokka 09.45 fekk politiet melding om ein 25-30 fot stor båt på rek i Hauglandssjøen.

– Meldar sa ho ikkje har sett denne båten i området før. Brannvesenet rykte ut og taua båten til land.

Det blei ein kort tur, Unik-båten til brannvesenet har heimehamn ved Halhjem ferjekai.

Båten blir skildra som raud, med overbygg, utan kalesje.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.