Politi | 05. juni 2022

Mann i arresten etter konflikt i Øyane

I Os var det«Syden-stemning» på moped, i Øyane blei ein mann vanskeleg å ha med å gjera.

Mann i arresten etter konflikt i Øyane
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. juni 2022 08:50

Laurdag i 23-tida rykte politiet ut til Øyane på melding om konflikt mellom to personar.

– Konflikten var mellom ein mann i 30-åra og ein mann i 50-åra, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Mannen i 30-åra dei retta seg ikkje etter pålegg frå politiet, og utagerte mot polititenestepersonane.

Ifølgje eit vitne måtte mannen leggast i bakken før vedkomande blei tatt inn i bilen og køyrd til Bergen for overnatting i arresten.

Det ser ut til å bli med denne eksterne overnattinga som einaste reaksjon, politiet har ikkje oppretta sak.

Moped med passasjer hadde politiet på slep

Rett før avreise til Øyane kom ein moped susande frå Os sentrum og svingte av mot Mobergsvika.

Bakpå mopeden sat ein ungdom utan hjelm. Rett etter kom politiet, og svingte av same veg.

– Passasjeren fekk gebyr for ikkje å bruka hjelm, mopedførar fekk gebyr for å ha passasjer på mopeden.

Ifølgje Lovdata.no er gebyret for ikkje å bruka hjelm 1.500 kroner, mens mopedførar som tok med seg passasjer må ut med 3.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.