Lokal | 19. mars 2014

Mann i arresten etter trugslar mot NAV

Ein mann i 40-åra blei i går pågripen etter trugslar mot NAV-tilsette. Onsdag morgon rykte politiet ut til pengekrangel.

Mann i arresten etter trugslar mot NAV
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. mars 2014 08:02

Tysdag i 13-tida fekk politiet melding om trugslar per telefon retta mot NAV og NAV-tilsette i Os.

– Kort tid seinare blei vedkomande arrestert i eigen heim og tatt med til fengsleg forvaring i Bergen.

– Han skal i avhøyr i dag, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Fekk to menn på døra

Onsdag morgon i 8-tida fekk politiet melding om to personar som dukka opp på trappa til vedkomande og meinte meldar skulda dei pengar.

– Vi fekk ein prat med begge partar, ei vaksen kvinne og to menn i 20-åra.

– Meldinga var meir dramatisk enn stemninga då vi kom fram. Det var stille og roleg. Men dei ser ut til å ha ei sak å løysa.

Tigging og trafikk

Tysdag i 16.30-tida fekk politiet melding om ein utanlandsk person som gjekk frå dør til dør på Søfteland for å tigga.

Mannen, som blir skildra som høg og tynn, gav uttrykk for å vera døvstum.

I 20-tida tysdag hadde politiet trafikkontroll på E39 Byvegen i Hjellemarka.

39 bilar blei kontrollert, 1 person fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.