Mann i arresten etter væpna aksjon
Gjekk rundt med våpen og knuste inventar i bustad.
Væpna politi, hundepatrulje og ambulanse rykte søndag kveld ut til ein bustad nord for Os sentrum.
– Vi fekk melding om ein hissig mann som gjekk rundt i ein bustad med våpen, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit til Midtsiden.
Meldinga kom klokka 22.14. Klokka 22.45 hadde politiet kontroll på situasjonen.
– Mannen er pågripen utan dramatikk. Han framstår som rusa og blir sjekka av legevakt før han blir plassert i varetekt.
Vedkomande er ein mann i 20-åra. Han skal ha vore hissig og knust nokre gjenstandar i bustaden.
– Ingen våpen skal ha blitt brukt og ingen personar er skadd. Det var to andre vaksne personar i bustaden, opplyser politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.