Lokal | 10. aug. 2020

Mann i sjøen i Os hamn og MC-velt i Dalen

Politiet reagerte då redningspersonane ikkje ville ut med informasjon.

Mann i sjøen i Os hamn og MC-velt i Dalen
Politiet rykte ut til Os hamn seint søndag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. aug. 2020 08:13

Søndag klokka 22.26 kom det melding om mann som ramla i sjøen i Os hamn.

– Vitne som sto ved Esso såg ein mann som låg i sjøen på motsett side av hamna, nedanfor Irisfabrikken, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det kom tidleg beskjed om at to jenter hadde hjelpt vedkomande på land, men nødetatane rykte likevel ut, politietmed to bilar.

– Dei møtte jentene på brua. Jentene ville først ikkje seia noko om kven dei var eller kven dei hadde redda. Etterkvart fekk politiet informasjon om dette, og reiste heim til mannen som hadde vore i sjøen.

Klokka 22.50, mens politiet var i hamna, kom det melding om MC-velt i Hegglandsdalen.

– Eit vitne fortalte at ein førar med ei ung jente som passasjer hadde velta ved ungdomshuset. Begge var uskadd, men det skal ha lukta alkohol av dei.

Då patruljen kom til staden fann dei bremsespor, men ingen MC-førar.

– Heime hos han som ramla i sjøen, ein mann i slutten av 20-åra, blei det spurd om han òg hadde køyrd motorsykkel, noko han avviste.

Politiet har òg fått klage på motorsykkel som køyrde i minst 50 km/t i 30-sona forbi Nore Neset barnskule, mens fleire ungar leika på staden.

Branntillaup i Ervikane

Søndag ettermiddag kom det melding om røyk frå ein bosskonteinar i friluftsområdet Ervikane på Strøno.

– Brannvesenet rykte ut. Det var ikkje opne flammar, men dei dynka konteinaren med vatn.

– Årsaka til røyken er truleg at nokon har kasta ein eingongsgrill oppi, utan å kjøla denne godt nok ned først, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.