Politi | 18. apr. 2023

Mann køyrde inn i bom på Ulven

Bilen blei skadd, men ikkje bilførar eller kvalpane han hadde med seg.

Mann køyrde inn i bom på Ulven
Lyseklostervegen forbi Ulven leir. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. apr. 2023 09:55

Måndag klokka 12.53 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Ulven.

– Ein bilist hadde køyrd ned ein bom på ein veg som går inn til forsvarsbygningar i Ulven leir, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar, som er i 80-åra, hadde køyrd vidare fordi han hadde fleire kvalpar i bilen.

Politiet fekk kontakt med han i etterkant.

– Han forklarte at han hadde blitt blenda av skarpt sollys. Det er skadar på bil, men ikkje på mann eller kvalpar. Vegtrafikksentralen kom til staden og har overtatt oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.