Politi | 19. mars 2024

Mann meldt etter tjuveri frå butikk

Avslørt i Os sentrum måndag ettermiddag.

Mann meldt etter tjuveri frå butikk
Politiet rykte ut til Os sentrum i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mars 2024 09:19

Måndag i 15-tida fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk i Os sentrum.

– Vedkomande hadde fått med seg ei vare. Verdien på vara er ukjent for oss, opplyser politistasjonssjef Anne Lyssand.

Ein mann i slutten av 20-åra er meldt for tjuveriet.

Litt seinare, i 16.50-tida, var det eit havari på E39 ved Lunde.

– Det blei minimal kødanning.

I 21-tida kontrollerte politiet ein motorsykkel i Os sentrum.

– Den hadde nokre manglar, og førar fekk pålegg om å utbetra desse.

I natt, litt før ferjeavgang klokka 01.40 frå Sandvikvåg, kom det melding frå politiet på Stord om mogleg råkøyring av to BMW-ar.

– Patrulje køyrde til Halhjem, men ingen av bilane som køyrde av ferja likna skildringane frå Stord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.